Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘valg 2019’

BR1_vatn

Berit Rekve, Søndre Nordstrand, står på Oslo SVs bystyreliste.

To ting er sjølvsagte for oss i kvardagen: Reint drikkevatn frå springen og toalett som fungerer. Dette er det vi kallar kritisk infrastruktur, og heldigvis er det meste på stell i Oslo. Men det er saker som er viktige å løfta fram i politikken.

I haust stiller eg til val til bystyret for Oslo SV. Ein av hjartesakene mine er samfunnstryggleik og beredskap, og dette er eit felt eg har utdanning frå. Det viktigaste vi gjer på dette området er å førebyggja og unngå skade og sjukdom. Som politikk blir dette ofte usynleg. Men fungerer det ikkje, er det eit stort problem for helse, miljø og tryggleik i kvardagen. Difor har VGs journalist Ole Kristian Strøm rett når han i ein kommentar seier ”I år bør politikerne snakke mye om kloakk”. Der peikar han òg på trygt drikkevatn.

Reint vatn og god infrastruktur for vatn og avløp er lett å ta for gitt. Vi gløymer kanskje å tenkja på det heilt til det ikkje fungerer som det skal. Det er kanskje ikkje det mest spennande å snakka om førebygging, og det kostar, men kostnaden ved å la vera kan bli høgare. Det er eit politisk ansvar å sjå til at dette er på plass.

Sjølv om vatnet i Oslo er trygt, er det likevel viktig å ha beredskap og reserveløysing. Meir enn femti år etter at Holsfjorden første gong vart vurdert om reserveløysing for Maridalsvannet, skal bystyret i haust gjera vedtak om bygging. Det er på høg tid.

Ei anna side av dette dreiar seg òg om handtering av overvatn. Du har kanskje lagt merke til problema med styrtregn og overfløyming, slik som natt til sundag 4. august? Med klimaendringane vi har framfor oss, kan vi få meir og meir av dette. Oslo SVs program peikar på at det er viktig å følgja opp den kommunale strategien for handtering av overvatn.

Det politiske oppdraget må vera at vi er best på det som ikkje skal skje.

Interessert i å lesa meir om samfunnstryggleik og liknande? Sjå fagbloggsida mi.

Lenkje til VG-kommentaren: https://www.vg.no/…/b5e…/i-aar-vil-vi-ha-en-kloakk-valgkamp…

Advertisements

Read Full Post »