Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Uncategorized’ Category

Av og til høyrer vi om hendingar og kriser som nokon i ettertid kan seia at dei såg koma og at det vart varsla om feil. Men det er nok ikkje mykje glede i å seia «kva var det eg sa» når det har gått gale. Problemet kan vera at vi ikkje ser ei krise koma krypande og gjer det vi burde i førkrisefasen. Finst det nokon vi kan læra av?*

(meir…)

Read Full Post »

«Den som veit korleis politikk og pølser vert til, får aldri meir ei god natt svevn» er eit uttrykk mange kjenner.[**] Kva for kvalitet dei involverte i objekttrygging har på svevnen, veit eg ikkje, men etter stortingshøyringa om Riksrevisjonens rapport blir ein nyfiken på korleis politikken på krisehandteringsområdet vert til og handsama nedover i forvaltninga.

I årevis er det peika på at samordning på tvers av sektorar ikkje er god nok i krisehandtering og beredskap. Frå utsida kan vi ikkje vita sikkert korleis politikken vert til i regjeringa, Forsvarsdepartementet (FD) og Justis- og beredskapsdepartementet (JD). Men vi kan reflektera over funna til Riksrevisjonen og prinsippa for samfunnstryggleik. Kvifor er det så vanskeleg, og har det konsekvensar?

(meir…)

Read Full Post »

Innleiing

Leiarskap er alltid kulturskaping. I denne oppgåva* tek eg føre meg eit oversyn over fullspektrummodellen for leiing, korleis ulike ytringskulturar kan gjera ulike utslag på  organisasjonar, og korleis transformasjonsleiing kan bidra til ytringskultur i beredskapsorganisasjonar. Eg har valt ut nokre døme som får illustrera leiarskap og ytringskultur. Avslutningsvis freistar eg å trekkja dette inn mot det aktuelle ordskiftet.

(*Denne teksten er eksamenssvar på emnet «Beredskap og ledelse» (7,5 stp.) på studiet Risiko, sårbarhet og beredskap ved Høgskolen i Hedmark hausten 2016. Oppgåva var:

a) Gjør rede for fullspektrumteorien/fullspektrummodellen for ledelse.

b) Øyvin Kvalnes benytter begrepet «ytringskultur» blant annet om måten mennesker i en organisasjonsnakker sammen og gir hverandre tilbakemeldinger på. Drøft hvordan ulike ytringskulturer gir ulike utslag i organisasjoner.

c) Drøft hvordan transformasjonsledelse kan bidra til en ønsket ytringskultur i en beredskapsorganisasjon (f.eks. politi, brann, forsvar, helse).

Omfang: Maksimalt åtte sider (ekskl. innhaldsoversyn og litteraturliste). Form: 48 timar heimeeksamen.

(meir…)

Read Full Post »

jesuischarlie

Read Full Post »