Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘skule’ Category

Gratulerer alle så mykje med 125-årsdagen for jamstellingsvedtaket!

Eg starta feiringa med kronikk i Aftenposten 11. mai:

12. mai er det 125 år sidan Stortinget gjorde jamstellingsvedtaket som sidestilte landsmålet med «det almindelige Skrift- og Bogsprog».

Det er grunn til å feira åremålsdagen for jamstellingsvedtaket med å byda folk til å leita opp meir av mangfaldet. For vi har det alle på tunga, og vi ser det på trykk kvar dag landet ikring. Ei oppdagarferd i det språklege mangfaldet i Noreg tek aldri slutt. Eit 125 år gammalt vedtak i Stortinget kan ta delar av æra for det.

Les heile kronikken her.


Ein kan nytta det folk skriv på mange måtar. Lektor Liv Maria Schou ved St. Hallvard vidaregåande skule i Lier tok tak i kronikken i norskklassen sin. Les meir om dette her.  Der kan de lesa meir om korleis ho og elevane nyttar Facebook som arena for arbeidet med norskfaget. Dei er nyskapande på dette området. Elevane er dyktige, kjem med faglege innspel og har ein fin og kameratsleg stil i ordskiftet. Eit godt føredøme for bruk av sosiale medier i skulen.

Advertisements

Read Full Post »

Ein kan ikkje alltid få i både pose og sekk. Er det mogleg å finna ein god balanse mellom nærleik, kvalitet, økonomi?

Laurdag 10. april melde Aftenposten at 230 skular er nedlagde sidan den raud-grøne regjeringa kom til makta i 2005. I overskrifta heiter det ”de rødgrønne har lagt ned…”. Vel, no er det vel varierande kommunestyrefleirtal som har stått for desse vedtaka. Det er ikkje regjeringa som vedtek skulestruktur i kommunane, men det er ei sak for seg. Det måtte berre påpeikast.

Dømet i saka er at ein skule i Svelvik kommune, som nyleg er pussa opp for over 50 mill., truleg må stengja grunna dårleg kommuneøkonomi. Og det berre åtte månader etter at han vart gjenopna. Den saka skal eg seia meir om seinare.

Sundag 11. april følgjer Aftenposten (papirutg.) opp med kommentarar frå kunnskapsminister Kristin Halvorsen og kommunalminister Liv Signe Navarsete.

I utgangspunktet er det lett å forstå at folk ønskjer å halda på ein skule som ligg i nærmiljøet. Dei skapar ofte nærleik og samhald i eit grendelag, betyr kort skuleveg. Det er lettare å sjå alle. Men om det vert for små forhold, går vel noko tapt òg?

Etter mi meining peikar Halvorsen på heilt vesentlege spørsmål i hugselista si i Aftenposten:

  • Er kvaliteten god nok?
  • Er det sosiale miljøet variert nok?
  • Hvor lang blir skoleveien?
  • Hvilke følger får det for miljøet i bygda?

Ho peikar dessutan på at rekruttering og utvikling av kompetanse hjå lærarar kan vera eit problem i små skular. Og som Navarsete seier: ”Enkelte steder er det for få elever til å unngå at skoler legges ned. Det er ikkje eg, Kristin Halvorsen eller Jens Stoltenberg som bestemmer dette. Er innbyggerne uenig, får de velje nye kommunepolitikere”.

For drygt 15 år hadde eg hovudpraksis i vidaregåande skule i samband med praktisk-pedagogisk utdanning. I spanskklassen min var det fem elevar. Dei var kjekke, modne jenter som eg likte godt å ha som elevar. Men det var store nivåskilnader og stundom vanskeleg å få til det samspelet og den variasjonen i arbeidsformer som er mogleg i større klassar. I norskklassen min var det derimot 28 elevar. Det var ein heilt annan dans, i hovudak positiv, men kanskje det med hell kunne ha vore nokre færre. No var dette ein stor vidaregåande skule, så eg mangla i alle fall ikkje eit stort mangfald av kollegaer og inspirasjon.

Vel, resten av soga er at eg aldri hamna i skuleverket etter utdanninga, men eg kjenner meg viss på at det ikkje ville vera lett å rekruttera meg til ein bitteliten skule med berre ein handfull tilsette. Eg trur òg det er grunn til å sjå svært nøye på spørsmålet om variasjon i miljøet for elevane? Er det alltid så stas å vera nokre få på ein liten skule? Er tjue minutt med buss katastrofalt? Får det så alvorlege følgjer for bygda?

Er det nokon der ute som kjenner til om nokon har sagt ”sjå til å leggja ned denne vesle skulen og flytt ungane mine til den i grannebygda, eg tykkjer det er for små forhold her”?

Eg ønskjer at alle born skal ha ein best mogleg skulegang. Diverre er det slik at ikkje alt kan vera hundre prosent ideelt for alle, på alle måtar samstundes. Når eg ser omtalen av korleis dei har fornya Berger skole (sjå artikkelen i Aftenposten), tenkjer eg at dette jo må vera ein fryd av ein skule. Godt utstyrt, omsyn til inneklima osb. Dette unner eg verkeleg desse ungane og alle andre.

Likevel kan eg då ikkje fri meg for å avleggja ordføraren, som uttalar seg i Aftenposten, og kollegaene hans ein visitt. Vel innrømmer han at dei ikkje tok omsyn til åtvaringane frå rådmannen om økonomien og at dei ikkje har følgd godt nok med i elevtalsutviklinga. Eg må spørja: Kor dårleg er det mogleg å følgja med?

Her er nokre fakta:
Svelvik hadde 590 born i alderen 6-12 år per 1. januar 2010. Folketalet er rimeleg stabilt – kring 6460, fødselstala er litt synkande (2007: 69; 2008: 57 og 2009: 47)

Kommunen har fire barneskular og ein ungdomdomsskule. Elevtala i dei fire barneskulane er frå 109 til om lag 200. Det er altså ikkje knøttsmå grendeskular det er tale om. Dei har ca. 20-27 tilsette ved kvar skule. Det ser i grunnen ganske greitt ut, utan at eg skal påstå at eg har røynsle frå barneskulen.

Det er ikkje enkelt å laga eit kommunebudsjett. Det er mange omsyn som skal takast, prioriteringar å gjera. Symjehall til ungane eller sjukeheimsplass til oldemødrene deira? Slik kan ein halda fram. Vel er det mest dei statlege overføringane som er pengesekk, men politikarane må i det minste følgja med på elementære sider ved utviklinga i kommunen og vera ærlege med innbyggjarane.

Og berre for at dette ikkje skal framstå som uthenging av Svelvik: Det gjeld alle – og det er sikkert ikkje vanskeleg å finna fleire døme.

Lykke til med hugselista og skuleutviklinga for borna.

Read Full Post »