Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘presse’ Category

Nyleg utløyste eit bilete av ein skadd tyrefektar sterke reaksjonar. Biletet er mellom anna publisert hjå Dagbladet.no. Journalist Kristoffer Egeberg inviterte til ordskifte på Twitter.

(Nokre av bileta det er vist til her er svært sterke. Difor har eg med vilje ikkje lagt lenkje i teksten, men til slutt. Dette for at lesarar skal sleppa å få uventa sterke bilete «kasta» mot seg ved å klikka i teksten.)

Det aktuelle biletet av tyrefektaren (1) er grotesk. Meg gav det nesten ein fysisk reaksjon. Det er på grensa til så uverkeleg at ein mest kan tru det er manipulert. Det er vesentleg å seia noko om plasseringa det hadde for å forstå noko av ordskiftet. Det var relativt stort og slo rett imot ein når ein gjekk nedover sida.

Mitt hovudsyn på kvifor det var rett å publisera biletet: – Ubehageleg å sjå. Men biletet illustrerer brutaliteten og kva som kan skje når ein handterer dyr slik som i tyrefekting. Like greitt.

Den mest tydelege motførestellinga dreiar seg om korleis born reagerer. Her eit utdrag av ordskiftet:

Halvor Dahl skriv:
– Det er ikke uproblematisk fordi barn ned i 7-8 år er på nettet og ser det.

Mitt svar:
– Om ein sjuåring har sett dette, er det tid for ein prat om tyrefekting. Just som ein må snakka m dei om anna dei ser.

Dahl:
Det er bildene som skaper mareritt og søvnløshet. All verdens prat fjerner ikke bildet fra hodet

Kristoffer Egeberg svarar:
– Er det avisenes jobb å skjerme barn fra virkeligheten? 7-8-åringer uten tilsyn finner nok langt verre enn db.no på nett?

Dahl:
Men da leter de aktivt etter det. Et sånt bilde som du snubler over uforberedt er MYE verre.

Egeberg:
Det er klart grenser. Men i hvor stor grad skal vi som nyhetsformidlere sminke virkeligheten i frykt for at barn støtes av den?

Og så kjem eg til å tenkja på eit anna sterkt fotografi og refleksjonane kring trykkinga. Det viser eit dødt barn under Gaza-krigen i januar 2009 (2). Då Stavanger Aftenblad trykte det, la dei til ein kommentar med grunngjeving for valet dei hadde gjort. Også dette biletet var det etter mi meining rett å trykkja, men det var viktig at det kom i lag med ein refleksjon.

Det er ikkje noko nytt med sterke fotografi frå krig og konflikt. Under arbeidet med dette renn to kjende bilete frå Vietnam-krigen meg i hu (3 og 4). Dessutan bileta frå fangetorturen i Abu Ghraib-fengselet i Irak (5). Bileta og opptaka frå åtaka på tvillingtårna i New York 9. september 2001 brende seg òg fast i minnet hjå mange.

Slik dokumentasjon har vore vesentleg for å endra. Kva med dei tilfella der vi burde fått fleire og sterkare bilete på eit tidlegare tidspunkt? Frå Pol Pot og Røde Khmers herjingar med folket i Kambodsja? Sikkert frå dei fleste krigar. Det finst så uendeleg mange døme.

Mykje av dette vert truleg endå sterkare som filmopptak i nyhendesendingar. Når skal ein skjerma seg eller andre mot slikt?

Men så var det dei bileta som er problematiske av andre grunnar enn at dei skremmer, er krenkjande, anten mot personar på biletet eller andre.  Her er eit døme som låg øvst på Dagbladets nettsider ganske lenge den 13. mai 2010, då det låg an til frisørstreik. Kom ikkje og fortel meg at dette kropps- og aktuell kjendis-valet ikkje var medvite for å skapa spesiell merksemd og klikk. Etter mi meining eit arrogant fotoval i høve til sjølve saka, seriøse frisørar med legitime krav. Men først av alt er det grunn til å reflektera over dette:

Kan det tenkjast at den enorme kroppsfikseringa i pressa og reklamen har alvorlegare langtidsverknader på born og ungdom enn dei dramatiske nyhendebileta? Kva meiner du?

Lenkjer til bilete:

  1. Bilete/sak om tyrefektaren: Her går det fryktelig galt (Dagbladet.no 22. mai 2010)
  2. Sven Egil Omdal kommentar m. biletet frå Gaza: Derfor trykker vi dette bildet (Stavanger Aftenblad, 7. januar 2009)
  3. Fotograf Nick Út (Associated Press, 1972): Biletet frå Vietnam-krigen med den nakne, napalmramma jenta, Kim Phúk og artikkel om fotografiet.
  4. Fotograf Eddie Adams (Associated Press, 1968): Avrettinga av Viet Cong-medlem Nguyễn Văn Lém.
  5. Bilete frå Abu Ghraib-fengselet.

(Eg har slett ikkje gløymt at òg vi som privatpersonar må tenkja oss om når vi publiserer bilete, t.d. på blogg. Men det er ein diskusjon eg let liggja no.)

Read Full Post »