Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘politikk’ Category

BR1_vatn

Berit Rekve, Søndre Nordstrand, står på Oslo SVs bystyreliste.

To ting er sjølvsagte for oss i kvardagen: Reint drikkevatn frå springen og toalett som fungerer. Dette er det vi kallar kritisk infrastruktur, og heldigvis er det meste på stell i Oslo. Men det er saker som er viktige å løfta fram i politikken.

I haust stiller eg til val til bystyret for Oslo SV. Ein av hjartesakene mine er samfunnstryggleik og beredskap, og dette er eit felt eg har utdanning frå. Det viktigaste vi gjer på dette området er å førebyggja og unngå skade og sjukdom. Som politikk blir dette ofte usynleg. Men fungerer det ikkje, er det eit stort problem for helse, miljø og tryggleik i kvardagen. Difor har VGs journalist Ole Kristian Strøm rett når han i ein kommentar seier ”I år bør politikerne snakke mye om kloakk”. Der peikar han òg på trygt drikkevatn.

Reint vatn og god infrastruktur for vatn og avløp er lett å ta for gitt. Vi gløymer kanskje å tenkja på det heilt til det ikkje fungerer som det skal. Det er kanskje ikkje det mest spennande å snakka om førebygging, og det kostar, men kostnaden ved å la vera kan bli høgare. Det er eit politisk ansvar å sjå til at dette er på plass.

Sjølv om vatnet i Oslo er trygt, er det likevel viktig å ha beredskap og reserveløysing. Meir enn femti år etter at Holsfjorden første gong vart vurdert om reserveløysing for Maridalsvannet, skal bystyret i haust gjera vedtak om bygging. Det er på høg tid.

Ei anna side av dette dreiar seg òg om handtering av overvatn. Du har kanskje lagt merke til problema med styrtregn og overfløyming, slik som natt til sundag 4. august? Med klimaendringane vi har framfor oss, kan vi få meir og meir av dette. Oslo SVs program peikar på at det er viktig å følgja opp den kommunale strategien for handtering av overvatn.

Det politiske oppdraget må vera at vi er best på det som ikkje skal skje.

Interessert i å lesa meir om samfunnstryggleik og liknande? Sjå fagbloggsida mi.

Lenkje til VG-kommentaren: https://www.vg.no/…/b5e…/i-aar-vil-vi-ha-en-kloakk-valgkamp…

Read Full Post »

Kan ikkje heilt dy meg for ein liten kommentar om den US-anske presidentvalkampen eg heller. Det vart rett og slett for mykje etter det tredje ordskiftet mellom dei to kandidatane.  (Og det kan henda denne blir utvida etter kvart.)

Trump må vera noko av det mest fælslege, sleipe og inkompetente eg har sett. I byrjinga av nominasjonsvalkampen trudde eg han var med for showet – og sanneleg om kjenner meg sikker no. Truleg tapar han. Men – det er eit stort men:

Det politikarar i USA likevel må ta på alvor, er dei straumdraga i samfunnet som fører fram til ein slik kandidat. Den etablerte politiske eliten i dei to partia må ta dei som stør han alvorleg. Dette er i mange tilfelle fortvilte, arbeidslause, lågtutdanna folk som har tapt mykje på globalisering og endring. Ein må òg hugsa støtta unge og har gitt til Bernie Sanders. Det er nokre understraumar frå fleire sider som har kome til overflata i denne valkampen.

Kanskje kan ein ikkje bli president i framtida utan heilt vesentlege reformar i det politiske systemet i USA. Ein kan sjå mykje av det same i Storbritannia med Brexit. Det nokså udemokratiske systemet med einmannskrinsar i begge land, fører til at store delar av røystene ikkje får representasjon i parlamenta.

No er det ikkje noka englekampanje frå noko hald i denne presidentvalkampen, men skilnaden i framtoning er i det minste enorm. Det er særleg ein bit eg synest er interessant å framheva om retorikken til dei to: Sjå på skilnaden i måten dei to vel å bruka sluttappellen i den siste debatten. Kontrasten er mildt tala grell. Både stil, førebuing og innhald viser at dei to ikkje er i same divisjon som politikarar.

(De finn det om de går nesten til slutten her https://tv.nrk.no/…/presidentvalg-u…/NNFA41013516/19-10-2016 .)

Read Full Post »

Korleis organiserer og samordnar vi oss for samfunnstryggleik og krisehandtering i Noreg? Er samordningsstrukturane svake på dette området? Dette skal eg freista å gje nokre svar på i denne artikkelen*.

(* Dette er opprinneleg svar på eksamen i kriseleiing (15 stp. Resultat: A.) på årsstudiet i krisehandtering ved Høgskolen i Hedmark 1.-8.12.2014. (Men med eit nytt etterord.)
Oppgåva hadde utgangspunkt i eit tekstutdrag frå Fimreite et al (2014:11):
«En overordnet problemstilling er hvordan organisering for samfunnssikkerhet har konsekvenser for krisehåndtering. Det norske forvaltningsapparatet er preget av mektige fagdepartementer og relativt selvstendige, offentlige organisasjoner. Som en følge av dette er det svak samordning på tver av sektorer og nivåer …»
– Gjør rede for det strukturelle perspektivet på samordning på nasjonalt, regionalt og kommunalt nivå. Bruk eksempler.
– Drøft påstanden tilforfatterne at den strukturelle samorningen er svak på tvers av sektorer og nivåer. Trekk inn kultur, kommunikasjon og relasjonsledles i drøftingen. Bruk eksempler. Omfang: ti sider.)

(meir…)

Read Full Post »

Det kan sjå ut til at nokre politikarar har problem med å forstå at munnen er ein del av kroppen. Er det difor dei slit med å vedta å få visse typar tannbehandling inn i same system som anna helsehjelp? Eller er det fare for at nokre trur tannhelse handlar mest om kosmetisk behandling og eit lite hol i ny og ne? Då skal det vera meg ei glede å fylla att kunnskapsholet – rotfylla det.

Eg synest rotfylling er eit godt døme, fordi diagnosen bak denne behandlinga viser korleis tilstandar i munn og tenner kan likna på tilsvarande på andre delar av kroppen. Men der ein i det eine tilfellet fort må ut med 6-7 000 kroner, det andre kanskje nokre eigendelar til fastlækjar og spesialisthelseteneste. Men dei siste overstig ikkje 2040 kroner i 2013 (sjå lenkje til Helfo nedanfor).

Sidan eg meiner dette er eit så talande døme, skal eg forklara det nokså inngåande. Bakgrunnen for dei faglege detaljane er eit intervju eg har gjort med tannlækjar Johan Øiestad.

Då eg måtte til pers med rotfylling i fjor, vart eg nyfiken på kva dette eigentleg var for noko. Denne behandlinga av eit område om lag mellom munnhola og bihola skulle altså kosta ein stad mellom 6 000 og 7 000 kroner for heile prosessen (med ny krone hadde det blitt 5 000 til 6 000 kroner til ifølgje tannlækjaren min). Det er ei form for nekrose (daud tann). Nekrose er jo ein tilstand som kan dukka opp andre stader på kroppen òg, men då vert det behandla på vanlege premiss for helsestell, med avgrensa eigendelar.

Kan føra til alvorelge sjukdomar

Kva dreiar det seg så om medisinsk sett? Nekrose i ei tann skuldast bakterier som har gått via eit hol og kome inn i rotkanalen. Her lagar dei infeksjon med det resultat at nerva døyr. Desse bakteriane kan spre seg via blodbanen og til andre stader i kroppen. Det blir kalla bakteriemi, og det er vitskaplege haldepunkt for at det er ein klår risikofaktor for til dømes hjerteinfarkt, hjerneslag, seier Øiestad. Ein går altså med såkalla patogene bakterier i kroppen.

Nekrose i munnregionen luksusproblem, men i foten sjukdom?

Ser det ut til at denne tilstanden i munnen er eit luksusproblem som ikkje har noko med helsetilstanden i kroppen som heilskap å gjera? Korleis artar nekrose i til dømes ein fot seg? Den mest typiske og alvorlege er kaldbrann (gangren). Då døyr òg vevet, og ein må amputera foten.

Då er vi ved poenget. Det gir rett og slett ikkje meining at medisinske tilstandar som liknar kvarandre, skal handsamast så ulikt. Sit det i munnen, kan det for mange dreia seg om kanskje ein tredel av ei månadsløn å gjera noko med det. Sit det i ei tå, kostar det nokre hundrelappar i eigendel.

Politisk vilje mot rekneark

Skal politikarane endeleg ta dette alvorleg no? Eller kanskje sanninga er at Finansdepartementet har rekna på det, funne ut at dette vert dyrt, og så har Helse- og omsorgdepartementet og Stortinget godteke det?

(meir…)

Read Full Post »

[Oppdatert 24. oktober]

Det går heitt og høgt for seg om bygging av Munch-museum for tida. Ein utløysande faktor no er at tilhengjarar av Lambda-bygget driv ivrig «re-lansering» av bygget og har skipa til fakkeltog 23. oktober. Berre verkemiddelet har ført til ein del reaksjonar. Dette ser ut som verkemiddel-overkill og symbolikk på ville vegar.

Men kronikken til operadirektør Tom Remlov i Aftenposten lyfter spørsmålet godt.

Eg snur, trur eg. I utgangspunktet tykte eg Bjørvika var ein god idé, men at Lambda var eit svært dårleg val. Så har eg tenkt at no er snart Bjørvika heilt øydelagt, så eitt bygg eg mislikar frå eller til, kva gjer vel det? Eg reiser altså gjennom dette området kvar dag (med buss som kjem frå Mossevegen og stoppar ved Operaen). Med all bygginga der er det kanskje på tide å stoppa opp og heller tenkja på utviklinga av ein akse mot Tøyen og tenkja store utviklingsgrep der.

Det har vore lett å tenkja at så stor verdsarv som Munch er, må liggja langt over byutviklingspolitiske grep – gjerne omtala lokaliseringskrangel på norsk. Eg har tenkt slik i ein del tilfelle. Det er ofte noko smålåte over ordskiftet om kulturarv. Men det kan sjå ut til at det er når Munch er ute til lufting rundt i verda, det verkeleg set merke. Berre sjå på tilstrøyma til utstillingane som har vore i Frankrike, Tyskland og England nyleg. Men eg synes altså vi skal leggja mykje pengar i nytt museum for denne kunsten. La det bli storfelt, ei djerv satsing, slik det vart med Operaen. Eg synest det er grunn til å tenkja over det Anne-Britt Gran (professor påi BI og fagleg leiar for bach.programmet i Kultur og ledelse) sa på Twitter 23. oktober:

Munch overlever som stor kunstner uansett, derfor bør nytt museum primært ses i byutviklingssammenheng.
(@abgran)

Ei anna sak er at nokre framstiller det som om Tøyen ligg langt unna sentrum. Det er ikkje sant. Det er berre ikkje så vanleg å gå frå Operaen og dit. Endå betre grunn til å gjera noko vesentleg at med aksen Tøyen – Bjørvika, med andre ord.

Og så er det med god grunn Remlov minner om operasaka. Eg stod midt oppe i henne og meinte det var greitt å byggja på Vestbanen dersom ein ikkje hadde så store ambisjonar at det måtta koma raskt framfor godt. Om ein derimot verkeleg meinte operasaka var viktig, meinte eg ein burde la det ta litt meir tid, og få ei meir storslått løysing.  Få som angrar no, trur eg. Vi må faktisk tenkja like bravt om Munch-arven. Tenk på kva Bilbao satsa med Guggenheim og utvikling av byen.

Det har blitt freistande å finlesa alle planane knytte til by- og museumsutvikling på Tøyen.

Nokre lenkjer

Read Full Post »

Det går jamt høglytt strid om sjukehuskø og mangel på ressursar. Og så kjem Helse- og omsorgsdepartementet og føreslår at offentleg helseteneste skal ta seg av rituell omskjering av gutar «fordi det vert gjort uansett», som statssekrekretær Tord Dale sa i Dagsnytt 18 i ettermiddag. Særleg det siste er ein måte å argumentera på som nokre fort kan gripa til når det gjeld jenter òg. Vel, det er eit anna ordskifte, men må nemnast når argumentasjonsmåten er så enkel. Om slik argumentasjon skal vera gjengs, skal dei få det travelt med å oppretta ein del andre tilbod òg.

Etter mi meining er dette heller ikkje eit område å prioritera når andre tilbod står i fare for å bli borte. Ein del ting må ein til privat klinikk for å få «pynta på». Dette er eit slikt område. Så får helse- og barnevernsstyresmaktene heller sjå til at ein finn andre måtar å bli kvitt den farlege praksisen vi òg veit eksisterer.

Denne saka tykkjer eg Nasjonalt råd for prioritering og kvalitet i helsevesenet sjå på.

Ei anna sak er den generelle motstanden eg har mot slike rituelle inngrep, anten det gjeld gutar eller jenter. Det er eit ordskifte for seg, men sjølvsagt ein del av heile biletet. Det er heilt utruleg korleis ein del synest det er greitt å forsvara just denne religiøst funderte praksisen (fordi han er fire tusen år gamal…), medan andre tradisjonar vil dei går føre for å bli kvitt. Skal kvinner teia i forsamlinga? Noko anna folk vil ta vare på frå den tida?

Det er trist korleis motstandarar av barneomskjering vert stempla som motstandarar mot religiøse grupper. Det betyr at når ein vil setja det frie valet til born, mot unødige, irreversible inngrep i friskt vev, skal vaksne sine religiøse val stå over. Vel, eg let valet liggja hjå barnet. Stemplinga forsvinn vonleg om nokre generasjonar.

Kva tykkjer du?

Andre lenkjer:

Andre i ordskiftet:

Read Full Post »

Er det nokon som kjenner att eitt eller anna med denne formuleringa, men likevel tykkjer det er noko anleis enn de er vande med? Det er just meininga. Dei fleste kjenner det bedriftsøkonomiske omgrepet «utgift til inntekts ervervelse». Men dette dreiar det seg ikkje om i fellesskaps- og velferdssektorane som ikkje har overskot som økonomisk mål.

I dag skal Stortinget handsama revidert nasjonalbudsjett. Det er sjølvsagt ikkje i revidert ein tek dei store grepa, men det er eit passande høve til å reflektera litt. Regjeringsapparatet er godt i gang med budsjettet for 2011. Ønskjet mitt er at ein styrkjer tenkinga om at ein må førebyggja og investera godt. Eg er heilt overtydd om at ein ved å leggja inn kronene ein stad, og samordna godt, sparer kroner ein annan stad.

Det går jamt ordskifte om manglande investeringar, mangel på vedlikehald osb. Eit område er jernbanen, der manglande investeringar gjennom tiår har fått talar for seg. Ein kan òg få inntrykk av at det er for dårleg samordning og heilskapsforståing der eit område høyrer heime i fleire departement eller andre, til dømes kommunane. Dette har eg mellom anna gitt døme på i innlegget Sats på symjehallar.

Alfor ofte høyrer vi statsrådar og andre skulda på at «det høyrer ikkje heime i departementet mitt..» og liknande. Nei, det er jo rett det. Men eg saknar ei meir offensiv kraft for betre samordning. Eg utfordar politikarar og styremakter elles til å gå grundig til verks og tenkje på korleis dei skal bruka fellesskapsressursane slik at vi førebyggjer og investerer godt. Det vil vi spara på og dessutan unngår ein mykje plage om ein skade og reparasjonsbehov ikkje oppstår.

Hadde vi ikkje ein samordningsminister ein stad der ute?

Read Full Post »

Gratulerer alle så mykje med 125-årsdagen for jamstellingsvedtaket!

Eg starta feiringa med kronikk i Aftenposten 11. mai:

12. mai er det 125 år sidan Stortinget gjorde jamstellingsvedtaket som sidestilte landsmålet med «det almindelige Skrift- og Bogsprog».

Det er grunn til å feira åremålsdagen for jamstellingsvedtaket med å byda folk til å leita opp meir av mangfaldet. For vi har det alle på tunga, og vi ser det på trykk kvar dag landet ikring. Ei oppdagarferd i det språklege mangfaldet i Noreg tek aldri slutt. Eit 125 år gammalt vedtak i Stortinget kan ta delar av æra for det.

Les heile kronikken her.


Ein kan nytta det folk skriv på mange måtar. Lektor Liv Maria Schou ved St. Hallvard vidaregåande skule i Lier tok tak i kronikken i norskklassen sin. Les meir om dette her.  Der kan de lesa meir om korleis ho og elevane nyttar Facebook som arena for arbeidet med norskfaget. Dei er nyskapande på dette området. Elevane er dyktige, kjem med faglege innspel og har ein fin og kameratsleg stil i ordskiftet. Eit godt føredøme for bruk av sosiale medier i skulen.

Read Full Post »

Ein kan ikkje alltid få i både pose og sekk. Er det mogleg å finna ein god balanse mellom nærleik, kvalitet, økonomi?

Laurdag 10. april melde Aftenposten at 230 skular er nedlagde sidan den raud-grøne regjeringa kom til makta i 2005. I overskrifta heiter det ”de rødgrønne har lagt ned…”. Vel, no er det vel varierande kommunestyrefleirtal som har stått for desse vedtaka. Det er ikkje regjeringa som vedtek skulestruktur i kommunane, men det er ei sak for seg. Det måtte berre påpeikast.

Dømet i saka er at ein skule i Svelvik kommune, som nyleg er pussa opp for over 50 mill., truleg må stengja grunna dårleg kommuneøkonomi. Og det berre åtte månader etter at han vart gjenopna. Den saka skal eg seia meir om seinare.

Sundag 11. april følgjer Aftenposten (papirutg.) opp med kommentarar frå kunnskapsminister Kristin Halvorsen og kommunalminister Liv Signe Navarsete.

I utgangspunktet er det lett å forstå at folk ønskjer å halda på ein skule som ligg i nærmiljøet. Dei skapar ofte nærleik og samhald i eit grendelag, betyr kort skuleveg. Det er lettare å sjå alle. Men om det vert for små forhold, går vel noko tapt òg?

Etter mi meining peikar Halvorsen på heilt vesentlege spørsmål i hugselista si i Aftenposten:

  • Er kvaliteten god nok?
  • Er det sosiale miljøet variert nok?
  • Hvor lang blir skoleveien?
  • Hvilke følger får det for miljøet i bygda?

Ho peikar dessutan på at rekruttering og utvikling av kompetanse hjå lærarar kan vera eit problem i små skular. Og som Navarsete seier: ”Enkelte steder er det for få elever til å unngå at skoler legges ned. Det er ikkje eg, Kristin Halvorsen eller Jens Stoltenberg som bestemmer dette. Er innbyggerne uenig, får de velje nye kommunepolitikere”.

For drygt 15 år hadde eg hovudpraksis i vidaregåande skule i samband med praktisk-pedagogisk utdanning. I spanskklassen min var det fem elevar. Dei var kjekke, modne jenter som eg likte godt å ha som elevar. Men det var store nivåskilnader og stundom vanskeleg å få til det samspelet og den variasjonen i arbeidsformer som er mogleg i større klassar. I norskklassen min var det derimot 28 elevar. Det var ein heilt annan dans, i hovudak positiv, men kanskje det med hell kunne ha vore nokre færre. No var dette ein stor vidaregåande skule, så eg mangla i alle fall ikkje eit stort mangfald av kollegaer og inspirasjon.

Vel, resten av soga er at eg aldri hamna i skuleverket etter utdanninga, men eg kjenner meg viss på at det ikkje ville vera lett å rekruttera meg til ein bitteliten skule med berre ein handfull tilsette. Eg trur òg det er grunn til å sjå svært nøye på spørsmålet om variasjon i miljøet for elevane? Er det alltid så stas å vera nokre få på ein liten skule? Er tjue minutt med buss katastrofalt? Får det så alvorlege følgjer for bygda?

Er det nokon der ute som kjenner til om nokon har sagt ”sjå til å leggja ned denne vesle skulen og flytt ungane mine til den i grannebygda, eg tykkjer det er for små forhold her”?

Eg ønskjer at alle born skal ha ein best mogleg skulegang. Diverre er det slik at ikkje alt kan vera hundre prosent ideelt for alle, på alle måtar samstundes. Når eg ser omtalen av korleis dei har fornya Berger skole (sjå artikkelen i Aftenposten), tenkjer eg at dette jo må vera ein fryd av ein skule. Godt utstyrt, omsyn til inneklima osb. Dette unner eg verkeleg desse ungane og alle andre.

Likevel kan eg då ikkje fri meg for å avleggja ordføraren, som uttalar seg i Aftenposten, og kollegaene hans ein visitt. Vel innrømmer han at dei ikkje tok omsyn til åtvaringane frå rådmannen om økonomien og at dei ikkje har følgd godt nok med i elevtalsutviklinga. Eg må spørja: Kor dårleg er det mogleg å følgja med?

Her er nokre fakta:
Svelvik hadde 590 born i alderen 6-12 år per 1. januar 2010. Folketalet er rimeleg stabilt – kring 6460, fødselstala er litt synkande (2007: 69; 2008: 57 og 2009: 47)

Kommunen har fire barneskular og ein ungdomdomsskule. Elevtala i dei fire barneskulane er frå 109 til om lag 200. Det er altså ikkje knøttsmå grendeskular det er tale om. Dei har ca. 20-27 tilsette ved kvar skule. Det ser i grunnen ganske greitt ut, utan at eg skal påstå at eg har røynsle frå barneskulen.

Det er ikkje enkelt å laga eit kommunebudsjett. Det er mange omsyn som skal takast, prioriteringar å gjera. Symjehall til ungane eller sjukeheimsplass til oldemødrene deira? Slik kan ein halda fram. Vel er det mest dei statlege overføringane som er pengesekk, men politikarane må i det minste følgja med på elementære sider ved utviklinga i kommunen og vera ærlege med innbyggjarane.

Og berre for at dette ikkje skal framstå som uthenging av Svelvik: Det gjeld alle – og det er sikkert ikkje vanskeleg å finna fleire døme.

Lykke til med hugselista og skuleutviklinga for borna.

Read Full Post »

[Oppdatert 3. juli 2010]

Dei siste dagane har diverre dette temaet blitt endå meir aktuelt. Etter at born har omkome under bading, er det på nytt retta merksemd mot manglande symjedugleik og -opplæring her i landet. Endeleg har dei store mediene lyfta dette opp på leiarplass òg.

Som eg nemner nedanfor, er eg oppteken av å førebyggja skade, sjølv om det meste handlar om andre sider. Nok ein gong får diverre vi som er engasjerte for symjeopplæring rett i kor ille det er med mangefull symkjedugleik. Mange har ansvar, først og fremst skulen og foreldra eller andre føresette. Etter det mest aktuelle tilfellet er det set søkjeljos på konsekvensane av at familiar frå minoritetskulturar hindrar born i å ha symjeopplæring. Dei er dei mest utsette. Dette må vi få slutt på.

No er det på tide at det vert slutt på brota på opplæringslova. Det betyr òg at ein ikkje må skyva ansvaret att og fram mellom dei styresmaktene som vedtek krava i opplæringslovar og -planar og kommunane, som er skuleeigarar. Opplæringsmåla skal oppfyllast, gjerne utvidast. Nok er nok.

——

Eg er svært oppteken av å førebyggja slik at vi unngår skade, plager og store kostnader på reparasjon.  Difor salar eg no opp att ein av kjepphestane mine. Denne er diverre like aktuell som då eg trekte han fram i valkampen i haust:

Bassengsaka er eit godt døme på at det kommunepolitikarar har ansvar for, må rikspolitikarar anten gå inn med øyremerkte tilskot til, eller slutta å gje løfte om. Dei burde ha mange grunnar til å få dette til, om så med opplæringslova i hand:

Eg meiner det er eit brot på opplæringslova når ungar ikkje får det læreplanen pålegg av opplæring i symjing. Det som står der er for lite som det er. Sjølv var eg av dei heldige som fekk ein time symjing i veka frå 2.-klasse.

Gløymer førebyggings- og folkehelseperspektivet
Som oftast er det kravet om opplæring i skulen det vert peika på når ein snakkar om stengde basseng. Men dette handlar òg om å tilby folk høve til mosjonsaktivitet på alle nivå. Dei aller fleste har glede av aktivitet i vatn, òg dei som knapt kan røra på seg. Symjetrening er god førebygging til dømes mot stive skuldrar som følgje av pc-arbeid o.l. For mange er eit godt bassengtilbod viktig del av rehabilitering òg. Kva med eldreomsorgen, som jo er favorittemaet til mange politikarar i kvar valkamp? Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet burde gå saman om å få på plass eit godt bassengtilbod over heile landet. På sikt trur eg det løner seg òg – på andre budsjett… Nokon som hugsar sjukelønsordskiftet frå i vinter?

Hallen eg brukar ligg i eit tett befolka område og i tilknyting til eit skuleanlegg. Dette er eit godt basseng, men Oslo kommune stengjer det altså over tre månader i året (i fjor frå 16. mai til 24. august). Ein firedel av året! Det er eit altfor dårleg tilbod både til born og vaksne.

(Og for dei som lurer: Nei, det er ikkje eit godt alternativ å gå ned på stranda ved Oslofjorden for å trena tre månader i året, slik nokre trur.)

Read Full Post »