Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Munchmuseet’ Category

[Oppdatert 24. oktober]

Det går heitt og høgt for seg om bygging av Munch-museum for tida. Ein utløysande faktor no er at tilhengjarar av Lambda-bygget driv ivrig «re-lansering» av bygget og har skipa til fakkeltog 23. oktober. Berre verkemiddelet har ført til ein del reaksjonar. Dette ser ut som verkemiddel-overkill og symbolikk på ville vegar.

Men kronikken til operadirektør Tom Remlov i Aftenposten lyfter spørsmålet godt.

Eg snur, trur eg. I utgangspunktet tykte eg Bjørvika var ein god idé, men at Lambda var eit svært dårleg val. Så har eg tenkt at no er snart Bjørvika heilt øydelagt, så eitt bygg eg mislikar frå eller til, kva gjer vel det? Eg reiser altså gjennom dette området kvar dag (med buss som kjem frå Mossevegen og stoppar ved Operaen). Med all bygginga der er det kanskje på tide å stoppa opp og heller tenkja på utviklinga av ein akse mot Tøyen og tenkja store utviklingsgrep der.

Det har vore lett å tenkja at så stor verdsarv som Munch er, må liggja langt over byutviklingspolitiske grep – gjerne omtala lokaliseringskrangel på norsk. Eg har tenkt slik i ein del tilfelle. Det er ofte noko smålåte over ordskiftet om kulturarv. Men det kan sjå ut til at det er når Munch er ute til lufting rundt i verda, det verkeleg set merke. Berre sjå på tilstrøyma til utstillingane som har vore i Frankrike, Tyskland og England nyleg. Men eg synes altså vi skal leggja mykje pengar i nytt museum for denne kunsten. La det bli storfelt, ei djerv satsing, slik det vart med Operaen. Eg synest det er grunn til å tenkja over det Anne-Britt Gran (professor påi BI og fagleg leiar for bach.programmet i Kultur og ledelse) sa på Twitter 23. oktober:

Munch overlever som stor kunstner uansett, derfor bør nytt museum primært ses i byutviklingssammenheng.
(@abgran)

Ei anna sak er at nokre framstiller det som om Tøyen ligg langt unna sentrum. Det er ikkje sant. Det er berre ikkje så vanleg å gå frå Operaen og dit. Endå betre grunn til å gjera noko vesentleg at med aksen Tøyen – Bjørvika, med andre ord.

Og så er det med god grunn Remlov minner om operasaka. Eg stod midt oppe i henne og meinte det var greitt å byggja på Vestbanen dersom ein ikkje hadde så store ambisjonar at det måtta koma raskt framfor godt. Om ein derimot verkeleg meinte operasaka var viktig, meinte eg ein burde la det ta litt meir tid, og få ei meir storslått løysing.  Få som angrar no, trur eg. Vi må faktisk tenkja like bravt om Munch-arven. Tenk på kva Bilbao satsa med Guggenheim og utvikling av byen.

Det har blitt freistande å finlesa alle planane knytte til by- og museumsutvikling på Tøyen.

Nokre lenkjer

Read Full Post »