Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Mediemållaget’ Category

(Kommentar i Kringom 2-2012)

Vi nærmar oss 200-årsjubileet for Ivar Aasen. Framleis dampar det av vreide i Noreg, språkvreide. Stundom sit eg i djup undring. Kvar kjem all denne vreiden frå? 

Eg treng ikkje skriva historia om målstriden her. De kan det viktigaste om han frå før. Undringa mi ligg i det eg ser i det daglege, korleis vreiden overlever. Det vert nytta sterke ord for å uttrykkja uvilje mot å læra nynorsk. At unge er ekstra frekke i formuleringane sine i nettordskifta, er no så si sak. Det er verre når vaksne, velutdanna tek til med åtaka sine og omtale av det unyttige. Ein eller annan stad må dei unge ha fått vreiden frå.

Her om dagen hamna eg i nok eit slikt ordskifte. Det er ei pedagogisk oppgåve som aldri tek slutt. Og det er ikkje til å koma vekk frå at vi som synest det er viktig å halda språkarven med to målformer i hevd, må forstå dei andre. Om vi ikkje vil forstå kvifor somme meiner det er rart å bruka tid på to former som er gjensidig forståelege, leitar vi truleg heller ikkje godt nok etter argumenta for.

Greier vi å formidla det eg kallar meirspråkleg glede og kompetanse? Er lærarane godt nok skolerte? Det ser ikkje slikt ut. Det held i alle fall ikkje å peika på at nynorsk er fint, visa til all den gode litteraturen, at nynorsken er tufta på talemåla våre. Folk som ikkje kjenner seg heime i nynorskskriving, kan ikkje overtalast til å kjenna det slik fordi nokon meiner dialekten deira ligg nærare nynorsk enn bokmål.

Sånn, då er er det sagt. Nok tungsinn.

Språkåret 2013 – no gjeld det som…

Vi står framfor eit spennande år. Det er laga utfordrande mål og planar. Frå styringsgruppa heiter det at ”Språkåret 2013 skal bli ei raus feiring av språklege skilnader og mangfald”. Eitt av måla er å ”gjere også bokmålsbrukarane stolte av den nynorske skriftkulturen”.

Språkåret skal vera inkluderande, gjera alle til deltakarar. Det gir oss alle høve til å utfordra, både oss sjølve og andre. Tek til dømes dei største mediehusa ballen? Tek dei han ikkje i 2013, når skal dei då ta han?

Greier vi å snu frå vreid til stolt?

Read Full Post »

Gratulerer alle så mykje med 125-årsdagen for jamstellingsvedtaket!

Eg starta feiringa med kronikk i Aftenposten 11. mai:

12. mai er det 125 år sidan Stortinget gjorde jamstellingsvedtaket som sidestilte landsmålet med «det almindelige Skrift- og Bogsprog».

Det er grunn til å feira åremålsdagen for jamstellingsvedtaket med å byda folk til å leita opp meir av mangfaldet. For vi har det alle på tunga, og vi ser det på trykk kvar dag landet ikring. Ei oppdagarferd i det språklege mangfaldet i Noreg tek aldri slutt. Eit 125 år gammalt vedtak i Stortinget kan ta delar av æra for det.

Les heile kronikken her.


Ein kan nytta det folk skriv på mange måtar. Lektor Liv Maria Schou ved St. Hallvard vidaregåande skule i Lier tok tak i kronikken i norskklassen sin. Les meir om dette her.  Der kan de lesa meir om korleis ho og elevane nyttar Facebook som arena for arbeidet med norskfaget. Dei er nyskapande på dette området. Elevane er dyktige, kjem med faglege innspel og har ein fin og kameratsleg stil i ordskiftet. Eit godt føredøme for bruk av sosiale medier i skulen.

Read Full Post »

Ja, med den overskrifta har du vel alt skjøna kvar dette ber?
På slutten av 90-talet hadde eg i oppdrag å språkvaska eit politisk program. Det var ein lang og dryg tekst om kva avsendaren ville setja i verk. Nokså tidleg i teksten la eg merke til at det skulle setjast ”fokus” på alt mogleg. Det var ”stort fokus”, ”breitt fokus” og eg veit ikkje kva. Først vart eg, som stundom er ein ivrig fotograf, irritert over alt dette fokuset. Og aldri var det ”skarpt fokus”, slik det ville høva seg for ein fotograf. Vel, eg skreid til verket og slo på søkjefunksjonen i programmet, fann 22 førekomstar av ”fokus”. Éin stad fekk det stå att, i resten av tilfella fann eg andre formuleringar. Det var ein fryd å leita i mangfaldet av moglege ord og uttrykksmåtar. Vi kan jo setja søkjelys på, via særskild merksemd, leggja vekt på, prioritera (tenk det, du!), setja øvst og så bortetter.

Sidan 90-talet har mange teke tak i bruken av ordet fokus. Vi har vore irriterte, vittige, kåsert, kva du vil. Utan resultat.

I den seinare tida har nok mange lagt merke til at eit anna språkleg ”virus” breier om seg. Bruken av ”i forhold til” vil mest ingen ende ta. Dette er ei formulering som høver til samanlikning, men no framstår det frå mange munnar som språkleg overflødig søl som ikkje betyr noko som helst. Alt mogleg er ”i forhold til”, det vert nytta framfor alle ledd i opprekning osb. Kvar kjem dette frå? Ikkje veit eg, berre at det irriterer. Det kan vera tale om ei nyhendesending, eit magasinprogram på radio eller liknande. Av og til lagar eg ein liten ordbingo når eg lyttar til Dagsnytt 18. Det tek ikkje lang tid å få bingo på slike formuleringar som ”i forhold til”. Det er mest så eg tek til å sakna ”synergieffekt”…

Set du tann for tunge når du er i ferd med å sleppa ut f-ord som ikkje er rekna for å vera pent språk? Prøv kvar gong desse to held på å spretta ut mellom framtenner og underleppe òg. Eller slettetasten når du skriv…

Har dette noko med klarspråkstematikk å gjera? Det er mogleg det ikkje gjer tekstar, munnlege som skriftlege, særleg vanskeleg tilgjengelege. Likevel gjer det språkhandlinga uklar. Ikkje minst bryt det med ein viktig føresetnad for effektiv kommunikasjon, at lesaren eller lyttaren ikkje skal kjeda seg. Tomheiter og klisjear skaper irritasjon og friksjon for mottakaren.

Norsk språkkultur har ein stor føremon i at vi har to målformer, nynorsk og bokmål. Dette er ein ressurs som er nyttig når ein skal leita etter mangfald i seiemåte og ordtilfang. Eg opplever ofte at bokmålsbrukarar peikar på at dei har likt eit ord eller ei formulering eg har nytta. Dei seier då i same slengen at ”det er så fint på nynorsk” eller ”på dialekt”. Men når ein så ser etter i bokmålsordboka, kan dei same orda nyttast òg i bokmål. Det må bety at vi over tid har snevra inn språkbruksvariasjonen for bokmålet.

Eg finn stor glede i å pendla fram og tilbake mellom målformene, mangfaldet i språket og ulike sjangrar og tradisjonar. Nokre gode nyord kan òg bli til under marsjen. Det dreiar seg då ikkje om å stri med bøyingsformer, men om glede over dei språklege ressursane.

I år er det 125 år sidan Stortinget gjorde det såkalla jamstellingsvedtaket, som førte til at landsmål, seinare nynorsk, vart eit offisielt skriftspråk i Noreg. Tenkte eg skulle feira litt med å byda folk til å leita opp meir av mangfaldet i den norske ordskatten, eg. For eit variert og klisjéfattig språk er ikkje den låkaste nista vi byr dei vi deler tankane våre med.

Berit Rekve er leiar for Mediemållaget og Dei nynorske mediedagane. Til dagleg er ho tilsett som informasjonsrådgjevar i Studieforbundet Folkeuniversitetet. (Twitter: @beritrekve) (3. april 2010. Teksten er tinga av Klarspråksbloggen/DIFI.  Kjem der seinare.)

Read Full Post »