Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Kunnskapsdepartementet’ Category

[Oppdatert 3. juli 2010]

Dei siste dagane har diverre dette temaet blitt endå meir aktuelt. Etter at born har omkome under bading, er det på nytt retta merksemd mot manglande symjedugleik og -opplæring her i landet. Endeleg har dei store mediene lyfta dette opp på leiarplass òg.

Som eg nemner nedanfor, er eg oppteken av å førebyggja skade, sjølv om det meste handlar om andre sider. Nok ein gong får diverre vi som er engasjerte for symjeopplæring rett i kor ille det er med mangefull symkjedugleik. Mange har ansvar, først og fremst skulen og foreldra eller andre føresette. Etter det mest aktuelle tilfellet er det set søkjeljos på konsekvensane av at familiar frå minoritetskulturar hindrar born i å ha symjeopplæring. Dei er dei mest utsette. Dette må vi få slutt på.

No er det på tide at det vert slutt på brota på opplæringslova. Det betyr òg at ein ikkje må skyva ansvaret att og fram mellom dei styresmaktene som vedtek krava i opplæringslovar og -planar og kommunane, som er skuleeigarar. Opplæringsmåla skal oppfyllast, gjerne utvidast. Nok er nok.

——

Eg er svært oppteken av å førebyggja slik at vi unngår skade, plager og store kostnader på reparasjon.  Difor salar eg no opp att ein av kjepphestane mine. Denne er diverre like aktuell som då eg trekte han fram i valkampen i haust:

Bassengsaka er eit godt døme på at det kommunepolitikarar har ansvar for, må rikspolitikarar anten gå inn med øyremerkte tilskot til, eller slutta å gje løfte om. Dei burde ha mange grunnar til å få dette til, om så med opplæringslova i hand:

Eg meiner det er eit brot på opplæringslova når ungar ikkje får det læreplanen pålegg av opplæring i symjing. Det som står der er for lite som det er. Sjølv var eg av dei heldige som fekk ein time symjing i veka frå 2.-klasse.

Gløymer førebyggings- og folkehelseperspektivet
Som oftast er det kravet om opplæring i skulen det vert peika på når ein snakkar om stengde basseng. Men dette handlar òg om å tilby folk høve til mosjonsaktivitet på alle nivå. Dei aller fleste har glede av aktivitet i vatn, òg dei som knapt kan røra på seg. Symjetrening er god førebygging til dømes mot stive skuldrar som følgje av pc-arbeid o.l. For mange er eit godt bassengtilbod viktig del av rehabilitering òg. Kva med eldreomsorgen, som jo er favorittemaet til mange politikarar i kvar valkamp? Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet burde gå saman om å få på plass eit godt bassengtilbod over heile landet. På sikt trur eg det løner seg òg – på andre budsjett… Nokon som hugsar sjukelønsordskiftet frå i vinter?

Hallen eg brukar ligg i eit tett befolka område og i tilknyting til eit skuleanlegg. Dette er eit godt basseng, men Oslo kommune stengjer det altså over tre månader i året (i fjor frå 16. mai til 24. august). Ein firedel av året! Det er eit altfor dårleg tilbod både til born og vaksne.

(Og for dei som lurer: Nei, det er ikkje eit godt alternativ å gå ned på stranda ved Oslofjorden for å trena tre månader i året, slik nokre trur.)

Advertisements

Read Full Post »