Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘krisehandtering’ Category

Denne teksten om forskingsetikk er svaret på ein eksamen emnet vitskapsteori med etikk som eg tok hausten 2018 ved Universitetet i Stavanger. Det er knytta til masterstudiet i samfunnstryggleik.

(meir…)

Read Full Post »

BR1_vatn

Berit Rekve, Søndre Nordstrand, står på Oslo SVs bystyreliste.

To ting er sjølvsagte for oss i kvardagen: Reint drikkevatn frå springen og toalett som fungerer. Dette er det vi kallar kritisk infrastruktur, og heldigvis er det meste på stell i Oslo. Men det er saker som er viktige å løfta fram i politikken.

I haust stiller eg til val til bystyret for Oslo SV. Ein av hjartesakene mine er samfunnstryggleik og beredskap, og dette er eit felt eg har utdanning frå. Det viktigaste vi gjer på dette området er å førebyggja og unngå skade og sjukdom. Som politikk blir dette ofte usynleg. Men fungerer det ikkje, er det eit stort problem for helse, miljø og tryggleik i kvardagen. Difor har VGs journalist Ole Kristian Strøm rett når han i ein kommentar seier ”I år bør politikerne snakke mye om kloakk”. Der peikar han òg på trygt drikkevatn.

Reint vatn og god infrastruktur for vatn og avløp er lett å ta for gitt. Vi gløymer kanskje å tenkja på det heilt til det ikkje fungerer som det skal. Det er kanskje ikkje det mest spennande å snakka om førebygging, og det kostar, men kostnaden ved å la vera kan bli høgare. Det er eit politisk ansvar å sjå til at dette er på plass.

Sjølv om vatnet i Oslo er trygt, er det likevel viktig å ha beredskap og reserveløysing. Meir enn femti år etter at Holsfjorden første gong vart vurdert om reserveløysing for Maridalsvannet, skal bystyret i haust gjera vedtak om bygging. Det er på høg tid.

Ei anna side av dette dreiar seg òg om handtering av overvatn. Du har kanskje lagt merke til problema med styrtregn og overfløyming, slik som natt til sundag 4. august? Med klimaendringane vi har framfor oss, kan vi få meir og meir av dette. Oslo SVs program peikar på at det er viktig å følgja opp den kommunale strategien for handtering av overvatn.

Det politiske oppdraget må vera at vi er best på det som ikkje skal skje.

Interessert i å lesa meir om samfunnstryggleik og liknande? Sjå fagbloggsida mi.

Lenkje til VG-kommentaren: https://www.vg.no/…/b5e…/i-aar-vil-vi-ha-en-kloakk-valgkamp…

Read Full Post »

Innleiing

Når krise råkar og folk ser naud og behov for hjelp, tek dei tak. Når styresmaktene ikkje er der med sine strukturar, samordning og ressursar, er frivillige der med det dei kan av omsorg og hjelp til å dekkja grunnleggjande behov som mat, varme og ei hand å halda i. Det er dugnadstradisjonen frå dei gamle grendelagsfellesskapa og det martesvennerudske imperativet ”itte no’ knussel, je tar alle sju”, som trår fram.

(meir…)

Read Full Post »

«Den som veit korleis politikk og pølser vert til, får aldri meir ei god natt svevn» er eit uttrykk mange kjenner.[**] Kva for kvalitet dei involverte i objekttrygging har på svevnen, veit eg ikkje, men etter stortingshøyringa om Riksrevisjonens rapport blir ein nyfiken på korleis politikken på krisehandteringsområdet vert til og handsama nedover i forvaltninga.

I årevis er det peika på at samordning på tvers av sektorar ikkje er god nok i krisehandtering og beredskap. Frå utsida kan vi ikkje vita sikkert korleis politikken vert til i regjeringa, Forsvarsdepartementet (FD) og Justis- og beredskapsdepartementet (JD). Men vi kan reflektera over funna til Riksrevisjonen og prinsippa for samfunnstryggleik. Kvifor er det så vanskeleg, og har det konsekvensar?

(meir…)

Read Full Post »

Dette er eksamenssvar i emnet «Sikkerhetsstyring» hausten 2016, delemne på 7.5 studiepoeng ved halvårsstudiet i Risiko, sårbarhet og beredskap ved Høgskolen i Innlandet, avdeling for økonomi og leiing. Rammevilkår: Fire timar skuleeksamen, handskriven. Tillate med hjelpemiddel (ikkje digitale). Det er i utgangspunktet ikkje krav om referanseføring og referanseliste. Med knapp tid er difor lista nokså enkel og avgrensa. 

Oppgåvetekst
Innen 1. januar 2019 skal alle landet strømkunder ha fått montert nye, smarte strømmålere. Med den nye, automatiske måleren på plass, får vi mulighet til å utnytte strømnettet bedre. Feil kan oppdages og rettes raskere, og muligheten for å kunne levere strøm inn fra private, fornybare energikilder blir bedre. Smarte strømmålere åpner også for digital og smart strømstyring i hjemmet ditt.
(kilde: informasjonsmateriell fra Agder Energi)

Ta utgangspunkt i følgende betraktning, fremsatt av Sofie Nystrøm, direktør NTNU Center for Cyber and Information Security, i NRK Ytring 19.11.2016 (nrk.no): «Nesten en million av Norges husstander er i ferd med å få disse [strømmålerne] på husveggen der produsenten er kinesisk. Strømmålerne kan i verste fall brukes av kineserne til å fjernstyre og stoppe strømmen i denne delen av Norge. Man får håpe dette er en smart beslutning med smarte målere med kode fra Kina koplet til Internett.»

Drøft hvorvidt en investering i smarte strømmålere kan tenkes å gi bedret sikkerhet i norske husstander. Vis spesielt hvordan man ut fra teoriene om Normal Accidents (NA) og High Reliability Organizations (HRO) kan argumentere for både bedret og dårligere sikkerhet i dette tilfellet.

Innleiing

I løpet av dei komande åra skal alle straumkundar i Noreg ha fått såkalla smarte straummålarar. dette skal vera nyttig både for å kunna nytta straumnettet betre, avdekkja feil lettare og gje høve til smart straumstyring i heimen.

Men slike digitale har òg innslag av sårbarheit, slik mellom anna Sofie Nystrøm ved NTNU Center for Cyber and Information Security peikar på.

For å drøfta dette opp mot teoriane om normale ulykker og høgpålitelege organisasjonar har eg valt å gjera greie for hovuddraga ved dei to først. Deretter freistar eg å sjå dømet i relasjon til dei to i drøftinga av betre versus dårlegare tryggleik i straumforsyninga og styringssystema.
(meir…)

Read Full Post »

Innleiing

Leiarskap er alltid kulturskaping. I denne oppgåva* tek eg føre meg eit oversyn over fullspektrummodellen for leiing, korleis ulike ytringskulturar kan gjera ulike utslag på  organisasjonar, og korleis transformasjonsleiing kan bidra til ytringskultur i beredskapsorganisasjonar. Eg har valt ut nokre døme som får illustrera leiarskap og ytringskultur. Avslutningsvis freistar eg å trekkja dette inn mot det aktuelle ordskiftet.

(*Denne teksten er eksamenssvar på emnet «Beredskap og ledelse» (7,5 stp.) på studiet Risiko, sårbarhet og beredskap ved Høgskolen i Hedmark hausten 2016. Oppgåva var:

a) Gjør rede for fullspektrumteorien/fullspektrummodellen for ledelse.

b) Øyvin Kvalnes benytter begrepet «ytringskultur» blant annet om måten mennesker i en organisasjonsnakker sammen og gir hverandre tilbakemeldinger på. Drøft hvordan ulike ytringskulturer gir ulike utslag i organisasjoner.

c) Drøft hvordan transformasjonsledelse kan bidra til en ønsket ytringskultur i en beredskapsorganisasjon (f.eks. politi, brann, forsvar, helse).

Omfang: Maksimalt åtte sider (ekskl. innhaldsoversyn og litteraturliste). Form: 48 timar heimeeksamen.

(meir…)

Read Full Post »

Å handtera ei krise er å utøva (opplevd) ansvar. Når ei krise oppstår, vert det peika på nokon som har, eller kanskje burde ha og ta ansvar.  Den som har eller vert tillagd ansvar, kan oppleva ei krise for imaget, og må respondera for å gjenoppretta dette. Korleis kan ein organisasjon eller ei verksemd respondera under ei krise og når imaget er under åtak? Og korleis kjem ein fram til den beste responsstrategien?*

(meir…)

Read Full Post »

Older Posts »