Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘jamstellingsvedtaket’ Category

(Kommentar i Kringom 2-2012)

Vi nærmar oss 200-årsjubileet for Ivar Aasen. Framleis dampar det av vreide i Noreg, språkvreide. Stundom sit eg i djup undring. Kvar kjem all denne vreiden frå? 

Eg treng ikkje skriva historia om målstriden her. De kan det viktigaste om han frå før. Undringa mi ligg i det eg ser i det daglege, korleis vreiden overlever. Det vert nytta sterke ord for å uttrykkja uvilje mot å læra nynorsk. At unge er ekstra frekke i formuleringane sine i nettordskifta, er no så si sak. Det er verre når vaksne, velutdanna tek til med åtaka sine og omtale av det unyttige. Ein eller annan stad må dei unge ha fått vreiden frå.

Her om dagen hamna eg i nok eit slikt ordskifte. Det er ei pedagogisk oppgåve som aldri tek slutt. Og det er ikkje til å koma vekk frå at vi som synest det er viktig å halda språkarven med to målformer i hevd, må forstå dei andre. Om vi ikkje vil forstå kvifor somme meiner det er rart å bruka tid på to former som er gjensidig forståelege, leitar vi truleg heller ikkje godt nok etter argumenta for.

Greier vi å formidla det eg kallar meirspråkleg glede og kompetanse? Er lærarane godt nok skolerte? Det ser ikkje slikt ut. Det held i alle fall ikkje å peika på at nynorsk er fint, visa til all den gode litteraturen, at nynorsken er tufta på talemåla våre. Folk som ikkje kjenner seg heime i nynorskskriving, kan ikkje overtalast til å kjenna det slik fordi nokon meiner dialekten deira ligg nærare nynorsk enn bokmål.

Sånn, då er er det sagt. Nok tungsinn.

Språkåret 2013 – no gjeld det som…

Vi står framfor eit spennande år. Det er laga utfordrande mål og planar. Frå styringsgruppa heiter det at ”Språkåret 2013 skal bli ei raus feiring av språklege skilnader og mangfald”. Eitt av måla er å ”gjere også bokmålsbrukarane stolte av den nynorske skriftkulturen”.

Språkåret skal vera inkluderande, gjera alle til deltakarar. Det gir oss alle høve til å utfordra, både oss sjølve og andre. Tek til dømes dei største mediehusa ballen? Tek dei han ikkje i 2013, når skal dei då ta han?

Greier vi å snu frå vreid til stolt?

Read Full Post »

Gratulerer alle så mykje med 125-årsdagen for jamstellingsvedtaket!

Eg starta feiringa med kronikk i Aftenposten 11. mai:

12. mai er det 125 år sidan Stortinget gjorde jamstellingsvedtaket som sidestilte landsmålet med «det almindelige Skrift- og Bogsprog».

Landsmål. Vedtaket var retta til den norske regjeringa: «Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige
Skrift- og Bogsprog.» 78 røysta for, 31 mot. Landsmålet, seinare omdøypt til nynorsk, vart eit offisielt skriftspråk i Noreg. I 1885 var motstanden mot landsmålet stor. Det var berre 12 år etter at Ivar Aasen
gav ut Norsk Ordbog, og det «nye» norske skriftspråket var enno ikkje tatt i bruk av mange. Noreg, nær 100 år før oljeeventyret, var heller ikkje noko rikt land. Likevel gjorde Stortinget med stort fleirtal det demokratiske prinsippvedtaket om å gjera den norske språkarven, slik han hadde nedfelt seg i målføra, til offisielt skriftspråk i landet. Det fortel oss at det ikkje var noka småskore forsamling som gjorde
jamstellingsvedtaket.

Fremja nynorsken. Sidan har vi fått lovar om opplæring, målbruk i offentleg teneste, nynorskkrav til NRK og støtteordningar som skal fremja nynorsken. I alle år har det vore strid og motstand mot jamstellinga. Den allmenne soga om målstriden skal få liggja her. Den finst det mange gode kjelder til. 125 år etter at Stortinget opna for at folkespråket dugde til danning og deltaking i samfunnsdebatten på alle nivå, er det grunn til å snu nokre synspunkt og spørsmål om språket på hovudet.

Underleg språkmotstand. Noko av motstanden vekkjer framfor alt undring. Rett nok er dette òg ein gamal kulturkamp, men i dag skulle ein tru mykje av nett den var avleggs. Kvifor ser mange den norske språkstoda med to jamstelte former som ei bør? Kva språksyn er det uttrykk for? Og erklærer ein seg sjølv eller andre for lite lærenæmme når ein ytrar sterk motstand mot å læra meir?

Fleire språk. I sidemålsdebatten synest premissen stundom å vera at det er grenser for kor mykje språk det er plass til i eit elevhovud. Det er det ikkje grunn til å tru. Over store delar av verda er det vanlegaste
at ein har fleire språk ikring seg. Å meistra dei er sjølvsagt ein styrke. I Noreg blir det stikk motsett lite verdset at innfødde nordmenn, så vel som mange med bakgrunn frå andre land kan fleire språk.
For det er ikkje berre med omsyn til dei to norske målformene dette språksynet gjer seg gjeldande. Vi har kutta ned på framandspråkopplæringa i skulen, mykje under dekkje av at det vert for mykje pugg,
og at elevar må konsentrera seg om å bli gode i noko og leggja vekk anna. Vel, vi kan òg snu den påstanden på hovudet, og heller leita etter nye og betre språkopplæringsformer. Mykje av det finst alt. For nynorsken sin del, gjer Nynorsksenteret mykje godt utviklingsarbeid for å betra nynorskopplæringa.
«Meirspråkleg» danning. Det vert ofte argumentert med at til dømes Sverige og Danmark har berre éi skriftnorm. Vi kunne òg ha greidd oss med éi norm. Men når vi no ein gong står på akslene til to
skriftkulturar, ville det vera betre å opna seg for å ta i bruk desse ressursane, i staden for å yta den kulturelle rikdomen motstand. Dei to språkkulturane skapar spenning og merksemd om norsk språkbruk og om mangfaldet i språket. Ved å ha god dugleik i både nynorsk og bokmål vert ein «meirspråkleg». Dette burde vera den positive innfallsvinkelen for både lærarar og dei som har skriving på norsk som levebrød. Ein kan sjå det som ein del av den språkkulturelle danninga. Utan opplæring i begge målformene, og utan å møta dei i alle samanhengar og sjangrar, vert den norske danninga veikare.

Gleda i å pendla. Finn gleda i å pendla fram og tilbake mellom målformene, mangfaldet i språket og ulike sjangrar og tradisjonar! Det dreiar seg ikkje om å stri med bøyingsformer, men om glede over den norske ordskatten. For eit variert og klisjéfattig språk er ikkje den låkaste nista vi byr dei vi deler tankane våre med. Der vi tydeleg er blinde, ser andre klårt. I ein rapport om språklæring i Noreg oppsummerer
Europarådet det slik: «There exists in Norway a rich potential for the development of policies which
promote plurilingualism in individuals because, although they are largely not aware of it and value it little, Norwegians are plurilingual already.»

Media og språket. I mange mediehus meiner ein at redaksjonelt stoff på begge målformene rotar det til for lesaren og lagar uklår «profil». I nokre redaksjonar er det tvert om sjølvsagt å redigera på begge
målformer. Vi må gå ut frå at dei som les til dømes hovudstadsavisene, er like intelligente lesarar og vel så mottakelege for språkmangfald som lesarar av Stavanger Aftenblad, Bergens Tidende og ein rik flora
av lokalaviser. Eit livskraftig nynorsk mediespråk har eksistert sidan Aasmund Olavsson Vinje og Arne og Hulda Garborg.. Det er heldigvis slutt på at bokmålsavisene omset lesarbrev som er skrivne på nynorsk.
Derimot driv ein med slik omsetjing når ein utvekslar redaksjonelt stoff mellom samarbeidande aviser, til dømes i Media Norge. I ei tid med nedskjeringar i media er dette ekstra meiningslaus bruk av ressursar. Til dømes står praksisen i grell kontrast til fjerninga av korrekturlesarane. Det mest oppsiktsvekkjande dømet
her, er vel VGs invitasjon til lesarar om å stilla opp som ein gratis korrekturlesarstab.

Språket ein kvalitet. Språkspalter og lesarytringar viser stor interesse blant folk for mediespråket. Ofte er ytringane drivne fram av irritasjon over klisjear, utslitne frasar som «fokus» og «i forhold til», og slett rettskriving. Når skal Medie-Noreg oppdaga at språket er ein av kvalitetane lesarar merkjer seg og verdset, når konkurransen om merksemda spissar seg endå meir til?

Det er grunn til å feira åremålsdagen for jamstellingsvedtaket med å byda folk til å leita opp meir av mangfaldet. For vi har det alle på tunga, og vi ser det på trykk kvar dag landet ikring. Ei oppdagarferd i
det språkleg mangfaldet i Noreg tek aldri slutt. Eit 125 år gammalt vedtak i Stortinget kan ta delar av æra for det.


Ein kan nytta det folk skriv på mange måtar. Lektor Liv Maria Schou ved St. Hallvard vidaregåande skule i Lier tok tak i kronikken i norskklassen sin. Les meir om dette her.  Der kan de lesa meir om korleis ho og elevane nyttar Facebook som arena for arbeidet med norskfaget. Dei er nyskapande på dette området. Elevane er dyktige, kjem med faglege innspel og har ein fin og kameratsleg stil i ordskiftet. Eit godt føredøme for bruk av sosiale medier i skulen.

Read Full Post »