Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘finanspolitikk’ Category

Det kan sjå ut til at nokre politikarar har problem med å forstå at munnen er ein del av kroppen. Er det difor dei slit med å vedta å få visse typar tannbehandling inn i same system som anna helsehjelp? Eller er det fare for at nokre trur tannhelse handlar mest om kosmetisk behandling og eit lite hol i ny og ne? Då skal det vera meg ei glede å fylla att kunnskapsholet – rotfylla det.

Eg synest rotfylling er eit godt døme, fordi diagnosen bak denne behandlinga viser korleis tilstandar i munn og tenner kan likna på tilsvarande på andre delar av kroppen. Men der ein i det eine tilfellet fort må ut med 6-7 000 kroner, det andre kanskje nokre eigendelar til fastlækjar og spesialisthelseteneste. Men dei siste overstig ikkje 2040 kroner i 2013 (sjå lenkje til Helfo nedanfor).

Sidan eg meiner dette er eit så talande døme, skal eg forklara det nokså inngåande. Bakgrunnen for dei faglege detaljane er eit intervju eg har gjort med tannlækjar Johan Øiestad.

Då eg måtte til pers med rotfylling i fjor, vart eg nyfiken på kva dette eigentleg var for noko. Denne behandlinga av eit område om lag mellom munnhola og bihola skulle altså kosta ein stad mellom 6 000 og 7 000 kroner for heile prosessen (med ny krone hadde det blitt 5 000 til 6 000 kroner til ifølgje tannlækjaren min). Det er ei form for nekrose (daud tann). Nekrose er jo ein tilstand som kan dukka opp andre stader på kroppen òg, men då vert det behandla på vanlege premiss for helsestell, med avgrensa eigendelar.

Kan føra til alvorelge sjukdomar

Kva dreiar det seg så om medisinsk sett? Nekrose i ei tann skuldast bakterier som har gått via eit hol og kome inn i rotkanalen. Her lagar dei infeksjon med det resultat at nerva døyr. Desse bakteriane kan spre seg via blodbanen og til andre stader i kroppen. Det blir kalla bakteriemi, og det er vitskaplege haldepunkt for at det er ein klår risikofaktor for til dømes hjerteinfarkt, hjerneslag, seier Øiestad. Ein går altså med såkalla patogene bakterier i kroppen.

Nekrose i munnregionen luksusproblem, men i foten sjukdom?

Ser det ut til at denne tilstanden i munnen er eit luksusproblem som ikkje har noko med helsetilstanden i kroppen som heilskap å gjera? Korleis artar nekrose i til dømes ein fot seg? Den mest typiske og alvorlege er kaldbrann (gangren). Då døyr òg vevet, og ein må amputera foten.

Då er vi ved poenget. Det gir rett og slett ikkje meining at medisinske tilstandar som liknar kvarandre, skal handsamast så ulikt. Sit det i munnen, kan det for mange dreia seg om kanskje ein tredel av ei månadsløn å gjera noko med det. Sit det i ei tå, kostar det nokre hundrelappar i eigendel.

Politisk vilje mot rekneark

Skal politikarane endeleg ta dette alvorleg no? Eller kanskje sanninga er at Finansdepartementet har rekna på det, funne ut at dette vert dyrt, og så har Helse- og omsorgdepartementet og Stortinget godteke det?

(meir…)

Read Full Post »

Er det nokon som kjenner att eitt eller anna med denne formuleringa, men likevel tykkjer det er noko anleis enn de er vande med? Det er just meininga. Dei fleste kjenner det bedriftsøkonomiske omgrepet «utgift til inntekts ervervelse». Men dette dreiar det seg ikkje om i fellesskaps- og velferdssektorane som ikkje har overskot som økonomisk mål.

I dag skal Stortinget handsama revidert nasjonalbudsjett. Det er sjølvsagt ikkje i revidert ein tek dei store grepa, men det er eit passande høve til å reflektera litt. Regjeringsapparatet er godt i gang med budsjettet for 2011. Ønskjet mitt er at ein styrkjer tenkinga om at ein må førebyggja og investera godt. Eg er heilt overtydd om at ein ved å leggja inn kronene ein stad, og samordna godt, sparer kroner ein annan stad.

Det går jamt ordskifte om manglande investeringar, mangel på vedlikehald osb. Eit område er jernbanen, der manglande investeringar gjennom tiår har fått talar for seg. Ein kan òg få inntrykk av at det er for dårleg samordning og heilskapsforståing der eit område høyrer heime i fleire departement eller andre, til dømes kommunane. Dette har eg mellom anna gitt døme på i innlegget Sats på symjehallar.

Alfor ofte høyrer vi statsrådar og andre skulda på at «det høyrer ikkje heime i departementet mitt..» og liknande. Nei, det er jo rett det. Men eg saknar ei meir offensiv kraft for betre samordning. Eg utfordar politikarar og styremakter elles til å gå grundig til verks og tenkje på korleis dei skal bruka fellesskapsressursane slik at vi førebyggjer og investerer godt. Det vil vi spara på og dessutan unngår ein mykje plage om ein skade og reparasjonsbehov ikkje oppstår.

Hadde vi ikkje ein samordningsminister ein stad der ute?

Read Full Post »