Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘førebygging’ Category

Dette er eksamenssvar i emnet «Sikkerhetsstyring» hausten 2016, delemne på 7.5 studiepoeng ved halvårsstudiet i Risiko, sårbarhet og beredskap ved Høgskolen i Innlandet, avdeling for økonomi og leiing. Rammevilkår: Fire timar skuleeksamen, handskriven. Tillate med hjelpemiddel (ikkje digitale). Det er i utgangspunktet ikkje krav om referanseføring og referanseliste. Med knapp tid er difor lista nokså enkel og avgrensa. 

Oppgåvetekst
Innen 1. januar 2019 skal alle landet strømkunder ha fått montert nye, smarte strømmålere. Med den nye, automatiske måleren på plass, får vi mulighet til å utnytte strømnettet bedre. Feil kan oppdages og rettes raskere, og muligheten for å kunne levere strøm inn fra private, fornybare energikilder blir bedre. Smarte strømmålere åpner også for digital og smart strømstyring i hjemmet ditt.
(kilde: informasjonsmateriell fra Agder Energi)

Ta utgangspunkt i følgende betraktning, fremsatt av Sofie Nystrøm, direktør NTNU Center for Cyber and Information Security, i NRK Ytring 19.11.2016 (nrk.no): «Nesten en million av Norges husstander er i ferd med å få disse [strømmålerne] på husveggen der produsenten er kinesisk. Strømmålerne kan i verste fall brukes av kineserne til å fjernstyre og stoppe strømmen i denne delen av Norge. Man får håpe dette er en smart beslutning med smarte målere med kode fra Kina koplet til Internett.»

Drøft hvorvidt en investering i smarte strømmålere kan tenkes å gi bedret sikkerhet i norske husstander. Vis spesielt hvordan man ut fra teoriene om Normal Accidents (NA) og High Reliability Organizations (HRO) kan argumentere for både bedret og dårligere sikkerhet i dette tilfellet.

Innleiing

I løpet av dei komande åra skal alle straumkundar i Noreg ha fått såkalla smarte straummålarar. dette skal vera nyttig både for å kunna nytta straumnettet betre, avdekkja feil lettare og gje høve til smart straumstyring i heimen.

Men slike digitale har òg innslag av sårbarheit, slik mellom anna Sofie Nystrøm ved NTNU Center for Cyber and Information Security peikar på.

For å drøfta dette opp mot teoriane om normale ulykker og høgpålitelege organisasjonar har eg valt å gjera greie for hovuddraga ved dei to først. Deretter freistar eg å sjå dømet i relasjon til dei to i drøftinga av betre versus dårlegare tryggleik i straumforsyninga og styringssystema.
(meir…)

Advertisements

Read Full Post »

Er det nokon som kjenner att eitt eller anna med denne formuleringa, men likevel tykkjer det er noko anleis enn de er vande med? Det er just meininga. Dei fleste kjenner det bedriftsøkonomiske omgrepet «utgift til inntekts ervervelse». Men dette dreiar det seg ikkje om i fellesskaps- og velferdssektorane som ikkje har overskot som økonomisk mål.

I dag skal Stortinget handsama revidert nasjonalbudsjett. Det er sjølvsagt ikkje i revidert ein tek dei store grepa, men det er eit passande høve til å reflektera litt. Regjeringsapparatet er godt i gang med budsjettet for 2011. Ønskjet mitt er at ein styrkjer tenkinga om at ein må førebyggja og investera godt. Eg er heilt overtydd om at ein ved å leggja inn kronene ein stad, og samordna godt, sparer kroner ein annan stad.

Det går jamt ordskifte om manglande investeringar, mangel på vedlikehald osb. Eit område er jernbanen, der manglande investeringar gjennom tiår har fått talar for seg. Ein kan òg få inntrykk av at det er for dårleg samordning og heilskapsforståing der eit område høyrer heime i fleire departement eller andre, til dømes kommunane. Dette har eg mellom anna gitt døme på i innlegget Sats på symjehallar.

Alfor ofte høyrer vi statsrådar og andre skulda på at «det høyrer ikkje heime i departementet mitt..» og liknande. Nei, det er jo rett det. Men eg saknar ei meir offensiv kraft for betre samordning. Eg utfordar politikarar og styremakter elles til å gå grundig til verks og tenkje på korleis dei skal bruka fellesskapsressursane slik at vi førebyggjer og investerer godt. Det vil vi spara på og dessutan unngår ein mykje plage om ein skade og reparasjonsbehov ikkje oppstår.

Hadde vi ikkje ein samordningsminister ein stad der ute?

Read Full Post »

[Oppdatert 3. juli 2010]

Dei siste dagane har diverre dette temaet blitt endå meir aktuelt. Etter at born har omkome under bading, er det på nytt retta merksemd mot manglande symjedugleik og -opplæring her i landet. Endeleg har dei store mediene lyfta dette opp på leiarplass òg.

Som eg nemner nedanfor, er eg oppteken av å førebyggja skade, sjølv om det meste handlar om andre sider. Nok ein gong får diverre vi som er engasjerte for symjeopplæring rett i kor ille det er med mangefull symkjedugleik. Mange har ansvar, først og fremst skulen og foreldra eller andre føresette. Etter det mest aktuelle tilfellet er det set søkjeljos på konsekvensane av at familiar frå minoritetskulturar hindrar born i å ha symjeopplæring. Dei er dei mest utsette. Dette må vi få slutt på.

No er det på tide at det vert slutt på brota på opplæringslova. Det betyr òg at ein ikkje må skyva ansvaret att og fram mellom dei styresmaktene som vedtek krava i opplæringslovar og -planar og kommunane, som er skuleeigarar. Opplæringsmåla skal oppfyllast, gjerne utvidast. Nok er nok.

——

Eg er svært oppteken av å førebyggja slik at vi unngår skade, plager og store kostnader på reparasjon.  Difor salar eg no opp att ein av kjepphestane mine. Denne er diverre like aktuell som då eg trekte han fram i valkampen i haust:

Bassengsaka er eit godt døme på at det kommunepolitikarar har ansvar for, må rikspolitikarar anten gå inn med øyremerkte tilskot til, eller slutta å gje løfte om. Dei burde ha mange grunnar til å få dette til, om så med opplæringslova i hand:

Eg meiner det er eit brot på opplæringslova når ungar ikkje får det læreplanen pålegg av opplæring i symjing. Det som står der er for lite som det er. Sjølv var eg av dei heldige som fekk ein time symjing i veka frå 2.-klasse.

Gløymer førebyggings- og folkehelseperspektivet
Som oftast er det kravet om opplæring i skulen det vert peika på når ein snakkar om stengde basseng. Men dette handlar òg om å tilby folk høve til mosjonsaktivitet på alle nivå. Dei aller fleste har glede av aktivitet i vatn, òg dei som knapt kan røra på seg. Symjetrening er god førebygging til dømes mot stive skuldrar som følgje av pc-arbeid o.l. For mange er eit godt bassengtilbod viktig del av rehabilitering òg. Kva med eldreomsorgen, som jo er favorittemaet til mange politikarar i kvar valkamp? Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet burde gå saman om å få på plass eit godt bassengtilbod over heile landet. På sikt trur eg det løner seg òg – på andre budsjett… Nokon som hugsar sjukelønsordskiftet frå i vinter?

Hallen eg brukar ligg i eit tett befolka område og i tilknyting til eit skuleanlegg. Dette er eit godt basseng, men Oslo kommune stengjer det altså over tre månader i året (i fjor frå 16. mai til 24. august). Ein firedel av året! Det er eit altfor dårleg tilbod både til born og vaksne.

(Og for dei som lurer: Nei, det er ikkje eit godt alternativ å gå ned på stranda ved Oslofjorden for å trena tre månader i året, slik nokre trur.)

Read Full Post »