Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘etikk’ Category

Dei siste dagane har søkjelyset blitt retta mot kampfiksing i fotballen att. Denne gongen byrja det med at Erik Hagen i eit intervju med VG vedgjekk at han hadde gitt 3 000 dollar til ein dommar då han spelte i Zenit St. Petersburg. Til Dagsrevyen sa han seinare at han hadde gitt kraftig uttrykk for vreiden sin over at spelarane skulle vera med på slikt, men at han «følgde straumen». Det er tid for nokre svært kritiske spørsmål til idrettsfolket.

Kvifor kastar ikkje idrettsfolk inn handkledet?
Kvifor følgde Erik Hagen straumen? Kampfiksing er berre éi grein i øvinga ugreie forhold i idretten. Kvifor kastar ikkje idrettsfolk inn handkledet når det går på etikk og moralen laus? Og kvifor hoppar ingen av med full openheit på grunn av uverdige forhold medan dei er aktive? Det er lett å forstå at ein ikkje vil mista karrieren, tapa pengar og meisterskap. Men kven må ikkje det når det vert avslørt at verksemda er etisk heilt på jordet?

«The Killing Fields of Qatar»
I det heile er det mange ting som får meg til å reagera på viljen toppidrettsfolk har til å delta der det er etiske problem. Det er freistande til dømes å døypa om stadiona som skal nyttast til fotball-VM i 2022 til The Killing fields of Qatar. Det har gått mange arbeidarliv der. I februar kunne The Guardian melda om ein rapport som viser at meir enn 400 nepalske arbeidarar har mista livet under bygginga.  Kvifor vil idrettsfolk konkurrera på slike stader når dei som lagar «leikestova» har det slik? Det vert rekna som ufint å dansa på ei grav. Men å konkurrera på eit grasfelt som er dødsstad er visst greitt. Her kan det bli tett med sørgjeband.

(meir…)

Advertisements

Read Full Post »