Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘bryllaup’ Category

Bryllaupsprologen

Det var då det…

Då eg nyleg tvitra med ei som snart skal gifta seg – og kom med nokre tips, kom eg på å ta fram att minna frå seremonien mannen min og eg  hadde då vi gifta oss. Om ein ikkje skal gjera dette i den tradisjonelle kyrkjelege ramma, vil mange likevel gjerne laga ei høgtidssam ramme kring dagen. Vi valde å gå vår eigen veg. Difor vel eg no å publisera denne teksten. Vonar det kan vera til inspirasjon for ein og annan.

(Ramme: Då vi gifta oss i 1993, ville ikkje sorenskrivaren reisa ut til seremonien vi ønskte oss ein laurdag. Difor fann sjølve den borgarlege vigselshandlinga stad i kontortida ein fredag, medan det vi la mest vekt på fann stad dagen etter. Dette var den viktigaste tekstdelen av det vi kalla ein forpliktingsseremoni, der alle gjestene og andre som ville delta i dette som ei offentleg handling, var til stades.)

Teksten er skriven på versemålet til Nordlands Trompet av Petter Dass.
Personane er: Vidar – brudgom, Berit – brur, Nils – Vidars forlovar, Kristin – Berits forlovar.
Staden er framfor Peder Balkes veggmåleri i Salen i Peder Balke kunstsenter (tidlegare Billerud sorenskrivargard), Kapp ved Mjøsa.

Føretale (prolog)
(skriven av Berit og Vidar Rekve, juli 1993)

(Nils til salen)

Velkomen til bryllaups kvar farande gjest
av brurfolket innbydd til fagnad og fest
og Berit og Vidar skal feira

(Kristin til salen)

Til Mjøs-bygda strøymer det vener og slekt
de alle blir med og gjev bryllaupet vekt
og vitnar at kjærleik har seira


(Nils til salen)

For dette er dagen då brudgom og brur
for æve og alltid skal få den dei trur
vil gjeva dei lykke som varar


(Nils til Berit)

Den karen som står her ved sida tå meg
han veit eg kven er, for eg kjenner hans steg
så stunda ho krev at du svarar


(Berit til Nils)

Eit svar har eg alltid, det veit du så godt
du borgar for mannen, det har eg forstått
og difor eg ventar´kje lenge

(Kristin til Vidar)

Den kvinna du valde då høvet du fann
eg kjenner ho vel, slik ein ven berre kan
ei kvinne som ho kan du trenge

(Vidar til Kristin)

Javisst, du har rett, eg var aldri i tvil
eg veit om den karen som trefte med pil
og kjenslene kan eg´kje dølja

(Vidar, Berit og forlovarane)

For alle dei frammøtte i denne sal
vi stadfester her at vi har gjort eit val
må kjærleiken alltid oss følgja.

Og elles hadde seremonien vår dette innhaldet:

Musikk:

Inngangen til brudeparet:  J.S.Bach: Preludium frå Luttsuite nr. 3

Etter prologen:  Manuel de Falla: Torija frå Castillos de España,

Til slutt:  J.S. Bach: Gavotte frå Luttsuite nr. 3.

Gitar:  Sveinung Lilleheier.

Tekstar:

Brudgomen las ”Du var vinden” av O.H. Hauge til brura

Brura las ”Vårt ända hem är kärleken” av Pär Lagerkvist til brudgomen

Nils las ”Ekteskap” av Khalil Gibran

Elles er det dette å seia:  Seremonien var den 7. august, same dagen som dei første para av same kjønn inngjekk partnarskap ved høgtidssam seremoni, t.d. Karen Christine Friele og Wenche Lowzow. Dette tykte vi var ekstra gildt, at same kven du elskar, kan du få finna i hop i kjærleik,  ved offentleg seremoni og juridisk forplikting. Dette heldt vi  òg fram i talane våre.

Advertisements

Read Full Post »