november
november
solstrålane kryp ned i mørk buk av skarp fløyel
gøymer frø av gryande vår
gåver i mars
[6. november 2010]
——————————-
det vakraste ein kan sjå
og bakom mjuke augelokk ligg fagre draumar
om blomar
om bryst
om framande strender
om det som skal koma
om det som skal gå
om at det i all æve skal finnast kjærleik
om at det fagraste i livet skal møta deg
[til eit bilete av far og son, 30. juli 2010]
——————————-
mellom kyss og kyss
ordlaust
stille
kjærleik
i all æve
amen
[20. juni 2010]
——————————-
i blikket
sig inn
i blikket ditt
må det alltid
vera der
varme
elskhug
[8. juni 2010]
——————————-
men stille
isen gått
men vatnet stille
alt
stille
kom ikkje våren
[19. mai 2010]
——————————-
en fjäril tog en kyss från min mun
flög över ängarna med vinden
nu smeker den dina läppar med sin vinge
[15. juni 2010]

