Kvinne frå Oslo. Oppteken av det meste.
Tilhøyrer den ekte Pompel og Pilt-generasjonen. Vi som ikkje let oss skremma så lett.
Utdanningsbakgrunn frå språk, litteratur, kommunikasjon, kulturfag og PPU.
Eg har mange års erfaring frå eit breitt spekter av kommunikasjonsfaglege utfordringar i ulike offentlege og (interesse)politiske verksemder/frivillige organisasjonar.
Stor breidde i interesser, mellom anna samfunnstryggleik og beredskap.
I fritida er eg leiar for Mediemållaget og Dei nynorske mediedagane.
Tilsett i Studieforbundet Folkeuniversitetets landssekretariat/Norsk språktest.
På leit etter nye utfordringar innan kommunikasjon, organisasjon o.l.
Her bloggar eg som privatperson.
——
Yrkesbakgrunn
Informasjonsrådgjevar i Studieforbundet Folkeuniversitetet (frå august 2008- aug. 2010)
Informasjonsrådgjevar i Statens legemiddelverk (1. februar 2007 – 31. august 2007)
Kommunikasjonsrådgjevar i Husbanken – Regionkontor Vest (17. februar 2005 – 20. januar 2006)
- Mellom anna produsent for utstillinga til arkitektkonkurransen for gangbru over Damsgårdssundet i Bergen.
Informasjonskonsulent ved Noregs musikkhøgskole (1.okt. 2002 – 31. desember 2003).Dessutan førstekonsulent i studieseksjonen ved NMH 1.1.-30.9.2002.
Informasjonskonsulent i Norsk musikkråd, m.a. med nyheits- og informasjonsportalen musikk.no og med heile spekteret av oppgåver innanfor presse-/samfunnskontakt, strategiar og planar m.m.
I perioden jan. 1995-mai 2000 arbeidde eg som fylkessekretær i Akershus SV. Eg har lang erfaring frå ymse typar organisasjonsliv og politikk.
I tillegg har eg vore innom skuleverket, museum, kunstsenter og bibliotek.
Utdanning og kurs
Krisekommunikasjon (kurs ved Nasjonalt utdanningssenter for samfunnssikkerhet og beredskap, 2011)
Informasjonsberedskap (kurs ved Nasjonalt utdanningssenter for samfunnssikkerhet og beredskap, 2007)
Spansk (mellomfag), nokre hovudfagskurs i spansk/semesteremne i latin og praktisk-pedagogisk utdanning (Universitetet i Oslo)
Nordisk språk og litteratur (grunnfag, Universitetet i Trondheim/NTNU)
Kulturarbeidarstudium (Høgskolen i Telemark), med mellom anna kultur- og næringslivssamarbeid, kultursosiologi og fordjuping i kunstformidling og film/kino i fagkrinsen
Tillitsverv og fritidssyssel
Leiar for Mediemållaget frå januar 2007
Medlem av Målpolitisk råd ved Det Norske Teatret frå april 2008
Hausten 2005: Kurs i arabisk, Folkeuniversitetet i Bergen
Styre-/AU-medlem i Noregs Mållag frå april 2004 – 2008, leiar for jubileumsnemnd 2004-2005
Sparebanken Cultura – medlem av forstandarskap (Oslo kommunes representant 2004-2005)
Styremedlem i Norsk sangerforum frå juni 2002 – 2006
Oslo bystyre og finanskomiteen, vara 1999-2003
Ulike verv (styre, representantskap m.m.) i Oslo SV i perioden 1993-2003
