Er det nokon som kjenner att eitt eller anna med denne formuleringa, men likevel tykkjer det er noko anleis enn de er vande med? Det er just meininga. Dei fleste kjenner det bedriftsøkonomiske omgrepet “utgift til inntekts ervervelse”. Men dette dreiar det seg ikkje om i fellesskaps- og velferdssektorane som ikkje har overskot som økonomisk mål.
I dag skal Stortinget handsama revidert nasjonalbudsjett. Det er sjølvsagt ikkje i revidert ein tek dei store grepa, men det er eit passande høve til å reflektera litt. Regjeringsapparatet er godt i gang med budsjettet for 2011. Ønskjet mitt er at ein styrkjer tenkinga om at ein må førebyggja og investera godt. Eg er heilt overtydd om at ein ved å leggja inn kronene ein stad, og samordna godt, sparer kroner ein annan stad.
Det går jamt ordskifte om manglande investeringar, mangel på vedlikehald osb. Eit område er jernbanen, der manglande investeringar gjennom tiår har fått talar for seg. Ein kan òg få inntrykk av at det er for dårleg samordning og heilskapsforståing der eit område høyrer heime i fleire departement eller andre, til dømes kommunane. Dette har eg mellom anna gitt døme på i innlegget Sats på symjehallar.
Alfor ofte høyrer vi statsrådar og andre skulda på at “det høyrer ikkje heime i departementet mitt..” og liknande. Nei, det er jo rett det. Men eg saknar ei meir offensiv kraft for betre samordning. Eg utfordar politikarar og styremakter elles til å gå grundig til verks og tenkje på korleis dei skal bruka fellesskapsressursane slik at vi førebyggjer og investerer godt. Det vil vi spara på og dessutan unngår ein mykje plage om ein skade og reparasjonsbehov ikkje oppstår.
Hadde vi ikkje ein samordningsminister ein stad der ute?
