Gratulerer alle så mykje med 125-årsdagen for jamstellingsvedtaket!
Eg starta feiringa med kronikk i Aftenposten 11. mai:
12. mai er det 125 år sidan Stortinget gjorde jamstellingsvedtaket som sidestilte landsmålet med «det almindelige Skrift- og Bogsprog».
Det er grunn til å feira åremålsdagen for jamstellingsvedtaket med å byda folk til å leita opp meir av mangfaldet. For vi har det alle på tunga, og vi ser det på trykk kvar dag landet ikring. Ei oppdagarferd i det språklege mangfaldet i Noreg tek aldri slutt. Eit 125 år gammalt vedtak i Stortinget kan ta delar av æra for det.
—
Ein kan nytta det folk skriv på mange måtar. Lektor Liv Maria Schou ved St. Hallvard vidaregåande skule i Lier tok tak i kronikken i norskklassen sin. Les meir om dette her. Der kan de lesa meir om korleis ho og elevane nyttar Facebook som arena for arbeidet med norskfaget. Dei er nyskapande på dette området. Elevane er dyktige, kjem med faglege innspel og har ein fin og kameratsleg stil i ordskiftet. Eit godt føredøme for bruk av sosiale medier i skulen.

Kan noen please translate?