Kjelder:
Innlegg
kommentarar

Og ut av sorg, frykt, tårer
gror kjærleik, von og samhald,
med roser i hand, ikkje våpen,
med omfamning, ikkje knyttneve.

Det går jamt høglytt strid om sjukehuskø og mangel på ressursar. Og så kjem Helse- og omsorgsdepartementet og føreslår at offentleg helseteneste skal ta seg av rituell omskjering av gutar “fordi det vert gjort uansett”, som statssekrekretær Tord Dale sa i Dagsnytt 18 i ettermiddag. Særleg det siste er ein måte å argumentera på som nokre fort kan gripa til når det gjeld jenter òg. Vel, det er eit anna ordskifte, men må nemnast når argumentasjonsmåten er så enkel. Om slik argumentasjon skal vera gjengs, skal dei få det travelt med å oppretta ein del andre tilbod òg.

Etter mi meining er dette heller ikkje eit område å prioritera når andre tilbod står i fare for å bli borte. Ein del ting må ein til privat klinikk for å få “pynta på”. Dette er eit slikt område. Så får helse- og barnevernsstyresmaktene heller sjå til at ein finn andre måtar å bli kvitt den farlege praksisen vi òg veit eksisterer.

Denne saka tykkjer eg Nasjonalt råd for prioritering og kvalitet i helsevesenet sjå på.

Ei anna sak er den generelle motstanden eg har mot slike rituelle inngrep, anten det gjeld gutar eller jenter. Det er eit ordskifte for seg, men sjølvsagt ein del av heile biletet.

Kva tykkjer du?

Andre lenkjer:

Andre i ordskiftet:

ordlaust
stille
kjærleik
i all æve
amen

Er det nokon som kjenner att eitt eller anna med denne formuleringa, men likevel tykkjer det er noko anleis enn de er vande med? Det er just meininga. Dei fleste kjenner det bedriftsøkonomiske omgrepet “utgift til inntekts ervervelse”. Men dette dreiar det seg ikkje om i fellesskaps- og velferdssektorane som ikkje har overskot som økonomisk mål.

I dag skal Stortinget handsama revidert nasjonalbudsjett. Det er sjølvsagt ikkje i revidert ein tek dei store grepa, men det er eit passande høve til å reflektera litt. Regjeringsapparatet er godt i gang med budsjettet for 2011. Ønskjet mitt er at ein styrkjer tenkinga om at ein må førebyggja og investera godt. Eg er heilt overtydd om at ein ved å leggja inn kronene ein stad, og samordna godt, sparer kroner ein annan stad.

Det går jamt ordskifte om manglande investeringar, mangel på vedlikehald osb. Eit område er jernbanen, der manglande investeringar gjennom tiår har fått talar for seg. Ein kan òg få inntrykk av at det er for dårleg samordning og heilskapsforståing der eit område høyrer heime i fleire departement eller andre, til dømes kommunane. Dette har eg mellom anna gitt døme på i innlegget Sats på symjehallar.

Alfor ofte høyrer vi statsrådar og andre skulda på at “det høyrer ikkje heime i departementet mitt..” og liknande. Nei, det er jo rett det. Men eg saknar ei meir offensiv kraft for betre samordning. Eg utfordar politikarar og styremakter elles til å gå grundig til verks og tenkje på korleis dei skal bruka fellesskapsressursane slik at vi førebyggjer og investerer godt. Det vil vi spara på og dessutan unngår ein mykje plage om ein skade og reparasjonsbehov ikkje oppstår.

Hadde vi ikkje ein samordningsminister ein stad der ute?

i blikket

sig inn

i blikket ditt

må det alltid

vera der

varme

elskhug

Nyleg utløyste eit bilete av ein skadd tyrefektar sterke reaksjonar. Biletet er mellom anna publisert hjå Dagbladet.no. Journalist Kristoffer Egeberg inviterte til ordskifte på Twitter.

(Nokre av bileta det er vist til her er svært sterke. Difor har eg med vilje ikkje lagt lenkje i teksten, men til slutt. Dette for at lesarar skal sleppa å få uventa sterke bilete “kasta” mot seg ved å klikka i teksten.)

Det aktuelle biletet av tyrefektaren (1) er grotesk. Meg gav det nesten ein fysisk reaksjon. Det er på grensa til så uverkeleg at ein mest kan tru det er manipulert. Det er vesentleg å seia noko om plasseringa det hadde for å forstå noko av ordskiftet. Det var relativt stort og slo rett imot ein når ein gjekk nedover sida.

Mitt hovudsyn på kvifor det var rett å publisera biletet: - Ubehageleg å sjå. Men biletet illustrerer brutaliteten og kva som kan skje når ein handterer dyr slik som i tyrefekting. Like greitt.

Den mest tydelege motførestellinga dreiar seg om korleis born reagerer. Her eit utdrag av ordskiftet:

Halvor Dahl skriv:
- Det er ikke uproblematisk fordi barn ned i 7-8 år er på nettet og ser det.

Mitt svar:
- Om ein sjuåring har sett dette, er det tid for ein prat om tyrefekting. Just som ein må snakka m dei om anna dei ser.

Dahl:
Det er bildene som skaper mareritt og søvnløshet. All verdens prat fjerner ikke bildet fra hodet

Kristoffer Egeberg svarar:
- Er det avisenes jobb å skjerme barn fra virkeligheten? 7-8-åringer uten tilsyn finner nok langt verre enn db.no på nett?

Dahl:
Men da leter de aktivt etter det. Et sånt bilde som du snubler over uforberedt er MYE verre.

Egeberg:
Det er klart grenser. Men i hvor stor grad skal vi som nyhetsformidlere sminke virkeligheten i frykt for at barn støtes av den?

Og så kjem eg til å tenkja på eit anna sterkt fotografi og refleksjonane kring trykkinga. Det viser eit dødt barn under Gaza-krigen i januar 2009 (2). Då Stavanger Aftenblad trykte det, la dei til ein kommentar med grunngjeving for valet dei hadde gjort. Også dette biletet var det etter mi meining rett å trykkja, men det var viktig at det kom i lag med ein refleksjon.

Det er ikkje noko nytt med sterke fotografi frå krig og konflikt. Under arbeidet med dette renn to kjende bilete frå Vietnam-krigen meg i hu (3 og 4). Dessutan bileta frå fangetorturen i Abu Ghraib-fengselet i Irak (5). Bileta og opptaka frå åtaka på tvillingtårna i New York 9. september 2001 brende seg òg fast i minnet hjå mange.

Slik dokumentasjon har vore vesentleg for å endra. Kva med dei tilfella der vi burde fått fleire og sterkare bilete på eit tidlegare tidspunkt? Frå Pol Pot og Røde Khmers herjingar med folket i Kambodsja? Sikkert frå dei fleste krigar. Det finst så uendeleg mange døme.

Mykje av dette vert truleg endå sterkare som filmopptak i nyhendesendingar. Når skal ein skjerma seg eller andre mot slikt?

Men så var det dei bileta som er problematiske av andre grunnar enn at dei skremmer, er krenkjande, anten mot personar på biletet eller andre.  Her er eit døme som låg øvst på Dagbladets nettsider ganske lenge den 13. mai 2010, då det låg an til frisørstreik. Kom ikkje og fortel meg at dette kropps- og aktuell kjendis-valet ikkje var medvite for å skapa spesiell merksemd og klikk. Etter mi meining eit arrogant fotoval i høve til sjølve saka, seriøse frisørar med legitime krav. Men først av alt er det grunn til å reflektera over dette:

Kan det tenkjast at den enorme kroppsfikseringa i pressa og reklamen har alvorlegare langtidsverknader på born og ungdom enn dei dramatiske nyhendebileta? Kva meiner du?

 

 

 

Lenkjer til bilete:

  1. Bilete/sak om tyrefektaren: Her går det fryktelig galt (Dagbladet.no 22. mai 2010)
  2. Sven Egil Omdal kommentar m. biletet frå Gaza: Derfor trykker vi dette bildet (Stavanger Aftenblad, 7. januar 2009)
  3. Fotograf Nick Út (Associated Press, 1972): Biletet frå Vietnam-krigen med den nakne, napalmramma jenta, Kim Phúk og artikkel om fotografiet.
  4. Fotograf Eddie Adams (Associated Press, 1968): Avrettinga av Viet Cong-medlem Nguyễn Văn Lém.
  5. Bilete frå Abu Ghraib-fengselet.

(Eg har slett ikkje gløymt at òg vi som privatpersonar må tenkja seg om når vi publiserer bilete, t.d. på blogg. Men det er ein diskusjon eg let liggja no.)

men stille

isen gått

men vatnet stille

alt

stille

kom ikkje våren

Gratulerer alle så mykje med 125-årsdagen for jamstellingsvedtaket!

Eg starta feiringa med kronikk i Aftenposten 11. mai:

12. mai er det 125 år sidan Stortinget gjorde jamstellingsvedtaket som sidestilte landsmålet med «det almindelige Skrift- og Bogsprog».

Det er grunn til å feira åremålsdagen for jamstellingsvedtaket med å byda folk til å leita opp meir av mangfaldet. For vi har det alle på tunga, og vi ser det på trykk kvar dag landet ikring. Ei oppdagarferd i det språklege mangfaldet i Noreg tek aldri slutt. Eit 125 år gammalt vedtak i Stortinget kan ta delar av æra for det.

Les heile kronikken her.


Ein kan nytta det folk skriv på mange måtar. Lektor Liv Maria Schou ved St. Hallvard vidaregåande skule i Lier tok tak i kronikken i norskklassen sin. Les meir om dette her.  Der kan de lesa meir om korleis ho og elevane nyttar Facebook som arena for arbeidet med norskfaget. Dei er nyskapande på dette området. Elevane er dyktige, kjem med faglege innspel og har ein fin og kameratsleg stil i ordskiftet. Eit godt føredøme for bruk av sosiale medier i skulen.

Ja, med den overskrifta har du vel alt skjøna kvar dette ber?
På slutten av 90-talet hadde eg i oppdrag å språkvaska eit politisk program. Det var ein lang og dryg tekst om kva avsendaren ville setja i verk. Nokså tidleg i teksten la eg merke til at det skulle setjast ”fokus” på alt mogleg. Det var ”stort fokus”, ”breitt fokus” og eg veit ikkje kva. Først vart eg, som stundom er ein ivrig fotograf, irritert over alt dette fokuset. Og aldri var det ”skarpt fokus”, slik det ville høva seg for ein fotograf. Vel, eg skreid til verket og slo på søkjefunksjonen i programmet, fann 22 førekomstar av ”fokus”. Éin stad fekk det stå att, i resten av tilfella fann eg andre formuleringar. Det var ein fryd å leita i mangfaldet av moglege ord og uttrykksmåtar. Vi kan jo setja søkjelys på, via særskild merksemd, leggja vekt på, prioritera (tenk det, du!), setja øvst og så bortetter.

Sidan 90-talet har mange teke tak i bruken av ordet fokus. Vi har vore irriterte, vittige, kåsert, kva du vil. Utan resultat.

I den seinare tida har nok mange lagt merke til at eit anna språkleg ”virus” breier om seg. Bruken av ”i forhold til” vil mest ingen ende ta. Dette er ei formulering som høver til samanlikning, men no framstår det frå mange munnar som språkleg overflødig søl som ikkje betyr noko som helst. Alt mogleg er ”i forhold til”, det vert nytta framfor alle ledd i opprekning osb. Kvar kjem dette frå? Ikkje veit eg, berre at det irriterer. Det kan vera tale om ei nyhendesending, eit magasinprogram på radio eller liknande. Av og til lagar eg ein liten ordbingo når eg lyttar til Dagsnytt 18. Det tek ikkje lang tid å få bingo på slike formuleringar som ”i forhold til”. Det er mest så eg tek til å sakna ”synergieffekt”…

Set du tann for tunge når du er i ferd med å sleppa ut f-ord som ikkje er rekna for å vera pent språk? Prøv kvar gong desse to held på å spretta ut mellom framtenner og underleppe òg. Eller slettetasten når du skriv…

Har dette noko med klarspråkstematikk å gjera? Det er mogleg det ikkje gjer tekstar, munnlege som skriftlege, særleg vanskeleg tilgjengelege. Likevel gjer det språkhandlinga uklar. Ikkje minst bryt det med ein viktig føresetnad for effektiv kommunikasjon, at lesaren eller lyttaren ikkje skal kjeda seg. Tomheiter og klisjear skaper irritasjon og friksjon for mottakaren.

Norsk språkkultur har ein stor føremon i at vi har to målformer, nynorsk og bokmål. Dette er ein ressurs som er nyttig når ein skal leita etter mangfald i seiemåte og ordtilfang. Eg opplever ofte at bokmålsbrukarar peikar på at dei har likt eit ord eller ei formulering eg har nytta. Dei seier då i same slengen at ”det er så fint på nynorsk” eller ”på dialekt”. Men når ein så ser etter i bokmålsordboka, kan dei same orda nyttast òg i bokmål. Det må bety at vi over tid har snevra inn språkbruksvariasjonen for bokmålet.

Eg finn stor glede i å pendla fram og tilbake mellom målformene, mangfaldet i språket og ulike sjangrar og tradisjonar. Nokre gode nyord kan òg bli til under marsjen. Det dreiar seg då ikkje om å stri med bøyingsformer, men om glede over dei språklege ressursane.

I år er det 125 år sidan Stortinget gjorde det såkalla jamstellingsvedtaket, som førte til at landsmål, seinare nynorsk, vart eit offisielt skriftspråk i Noreg. Tenkte eg skulle feira litt med å byda folk til å leita opp meir av mangfaldet i den norske ordskatten, eg. For eit variert og klisjéfattig språk er ikkje den låkaste nista vi byr dei vi deler tankane våre med.

Berit Rekve er leiar for Mediemållaget og Dei nynorske mediedagane. Til dagleg er ho tilsett som informasjonsrådgjevar i Studieforbundet Folkeuniversitetet. (Twitter: @beritrekve) (3. april 2010. Teksten er tinga av Klarspråksbloggen/DIFI.  Kjem der seinare.)

Ein kan ikkje alltid få i både pose og sekk. Er det mogleg å finna ein god balanse mellom nærleik, kvalitet, økonomi?

Laurdag 10. april melde Aftenposten at 230 skular er nedlagde sidan den raud-grøne regjeringa kom til makta i 2005. I overskrifta heiter det ”de rødgrønne har lagt ned…”. Vel, no er det vel varierande kommunestyrefleirtal som har stått for desse vedtaka. Det er ikkje regjeringa som vedtek skulestruktur i kommunane, men det er ei sak for seg. Det måtte berre påpeikast.

Dømet i saka er at ein skule i Svelvik kommune, som nyleg er pussa opp for over 50 mill., truleg må stengja grunna dårleg kommuneøkonomi. Og det berre åtte månader etter at han vart gjenopna. Den saka skal eg seia meir om seinare.

Sundag 11. april følgjer Aftenposten (papirutg.) opp med kommentarar frå kunnskapsminister Kristin Halvorsen og kommunalminister Liv Signe Navarsete.

I utgangspunktet er det lett å forstå at folk ønskjer å halda på ein skule som ligg i nærmiljøet. Dei skapar ofte nærleik og samhald i eit grendelag, betyr kort skuleveg. Det er lettare å sjå alle. Men om det vert for små forhold, går vel noko tapt òg?

Etter mi meining peikar Halvorsen på heilt vesentlege spørsmål i hugselista si i Aftenposten:

  • Er kvaliteten god nok?
  • Er det sosiale miljøet variert nok?
  • Hvor lang blir skoleveien?
  • Hvilke følger får det for miljøet i bygda?

Ho peikar dessutan på at rekruttering og utvikling av kompetanse hjå lærarar kan vera eit problem i små skular. Og som Navarsete seier: ”Enkelte steder er det for få elever til å unngå at skoler legges ned. Det er ikkje eg, Kristin Halvorsen eller Jens Stoltenberg som bestemmer dette. Er innbyggerne uenig, får de velje nye kommunepolitikere”.

For drygt 15 år hadde eg hovudpraksis i vidaregåande skule i samband med praktisk-pedagogisk utdanning. I spanskklassen min var det fem elevar. Dei var kjekke, modne jenter som eg likte godt å ha som elevar. Men det var store nivåskilnader og stundom vanskeleg å få til det samspelet og den variasjonen i arbeidsformer som er mogleg i større klassar. I norskklassen min var det derimot 28 elevar. Det var ein heilt annan dans, i hovudak positiv, men kanskje det med hell kunne ha vore nokre færre. No var dette ein stor vidaregåande skule, så eg mangla i alle fall ikkje eit stort mangfald av kollegaer og inspirasjon.

Vel, resten av soga er at eg aldri hamna i skuleverket etter utdanninga, men eg kjenner meg viss på at det ikkje ville vera lett å rekruttera meg til ein bitteliten skule med berre ein handfull tilsette. Eg trur òg det er grunn til å sjå svært nøye på spørsmålet om variasjon i miljøet for elevane? Er det alltid så stas å vera nokre få på ein liten skule? Er tjue minutt med buss katastrofalt? Får det så alvorlege følgjer for bygda?

Er det nokon der ute som kjenner til om nokon har sagt ”sjå til å leggja ned denne vesle skulen og flytt ungane mine til den i grannebygda, eg tykkjer det er for små forhold her”?

Eg ønskjer at alle born skal ha ein best mogleg skulegang. Diverre er det slik at ikkje alt kan vera hundre prosent ideelt for alle, på alle måtar samstundes. Når eg ser omtalen av korleis dei har fornya Berger skole (sjå artikkelen i Aftenposten), tenkjer eg at dette jo må vera ein fryd av ein skule. Godt utstyrt, omsyn til inneklima osb. Dette unner eg verkeleg desse ungane og alle andre.

Likevel kan eg då ikkje fri meg for å avleggja ordføraren, som uttalar seg i Aftenposten, og kollegaene hans ein visitt. Vel innrømmer han at dei ikkje tok omsyn til åtvaringane frå rådmannen om økonomien og at dei ikkje har følgd godt nok med i elevtalsutviklinga. Eg må spørja: Kor dårleg er det mogleg å følgja med?

Her er nokre fakta:
Svelvik hadde 590 born i alderen 6-12 år per 1. januar 2010. Folketalet er rimeleg stabilt – kring 6460, fødselstala er litt synkande (2007: 69; 2008: 57 og 2009: 47)

Kommunen har fire barneskular og ein ungdomdomsskule. Elevtala i dei fire barneskulane er frå 109 til om lag 200. Det er altså ikkje knøttsmå grendeskular det er tale om. Dei har ca. 20-27 tilsette ved kvar skule. Det ser i grunnen ganske greitt ut, utan at eg skal påstå at eg har røynsle frå barneskulen.

Det er ikkje enkelt å laga eit kommunebudsjett. Det er mange omsyn som skal takast, prioriteringar å gjera. Symjehall til ungane eller sjukeheimsplass til oldemødrene deira? Slik kan ein halda fram. Vel er det mest dei statlege overføringane som er pengesekk, men politikarane må i det minste følgja med på elementære sider ved utviklinga i kommunen og vera ærlege med innbyggjarane.

Og berre for at dette ikkje skal framstå som uthenging av Svelvik: Det gjeld alle – og det er sikkert ikkje vanskeleg å finna fleire døme.

Lykke til med hugselista og skuleutviklinga for borna.

Eldre innlegg »

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.